Lovutval foreslår nye reglar ved leige av bustad

– Ein god og trygg stad å bu er heilt avgjerande for at folk skal kunne leve gode liv. Vi skal sikre trygge leigeforhold for dei om lag ein million nordmennene som leiger bustaden sin, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Å oppnemne eit lovutval som skal foreslå endringar i husleigelova, er eit av fleire tiltak som regjeringa har sett i gang for å betre forholda i leigemarknaden. Husleigelova er ei viktig lov for rundt ein million leigetakarar, og for dei som leiger ut.

Husleigelova set rammene for kva ein kan avtale i leigeavtaler, mellom anna lengda på kontrakten, kor mykje husleiga kan auke kvart år og når det er mogleg å seie opp ei leigeavtale. Det er ei kompleks lov som varetek ulike omsyn og interesser.

– Dette er reglar som vil gjelde dei fleste av oss ein eller fleire gonger i livet, anten som leigetakar eller utleigar. Lova må derfor både sikre folks rettar òg vere enkel å forstå, seier Sande.

Husleigelovutvalet starta arbeidet i sommar, og i den fyrste delrapporten foreslår dei no endringar i reglane om kontraktslengde og oppseiingsvern. Dette er sentrale reglar i lova, og har stor verdi for rettar og butryggleiken for leigetakarar.

–  No sender vi rapporten på høyring. Eg håper vi får mange gode og konstruktive høyringsinnspel. Arbeidet til Husleigelovutvalet er ikkje over. Den endelege rapporten frå utvalet kjem i oktober, der dei skal vurdere endringar i andre delar av lova, seier statsråden.

Du kan lese og gi innspel til Husleigelovutvalets delrapport om kontraktslengde og oppseiingsvern i bustadleigeforhold her.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: presse@kdd.dep.no