Statsbudsjettet 2023

Meir midlar til utsette barn og unge

Regjeringa vil styrke innsatsen for utsette barn og unge og føreslår ei rekke tiltak i budsjettet for 2023. Mellom anna blir det føreslått å auke ordninga Tilskot til inkludering av barn og unge med 96 millionar kroner.

– I dette budsjettet prioriterer regjeringa tryggleik og rettferdig fordeling. Vi ser at det framleis er mange barn og unge som veks opp i låginntektsfamiliar. Derfor vil vi styrke ordninga Tilskot til inkludering av barn og unge med 96 millionar kroner. Ordninga vil i 2023 då vere på om lag 664 millionar kroner, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Styrkinga skal mellom anna gå til lokale fritidskasser, som kan dekke kostnader til deltaking i fritidsaktivitetar, gratis ferietilbud, opne møteplassar, som til dømes fritidsklubbar, og loser/ungdomslosar, som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp.

Av dei 96 millionar kronene, skal 20 millionar kroner gå til utstyrssentralar. Dette skal gi fleire barn og unge høve til å delta i aktivitetar på fritida.

– Gratis fritidsaktivitetar, utlån av sports- og fritidsutstyr, sommarjobbar og inkluderande møteplassar er tiltak som kjem barn og unge direkte til gode. Slike tiltak gir utsette barn og unge betre oppvekstvilkår her og no, og kan og bidra til å førebygga utanforskap seinare i livet, seier Toppe.

Auka utvida barnetrygd

Regjeringa vil forenkle og styrke den offentlege støtta til einslege forsørgjarar. Regjeringa føreslår derfor å avvikle særfrådraget til einslege forsørgjarar og auke den utvida barnetrygda tilsvarande den maksimale skatteverdien av frådraget.

Du kan få utvida barnetrygd når du bor aleine med barn under 18 år. Dette er barnetrygd for eitt barn meir enn det du faktisk bor saman med. Forslaget inneber at den utvida barnetrygda aukar med 11 544 kroner i året.

Ingen einslege forsørgjarar skal komme dårlegare ut av omlegginga, og einslege forsørgjarar som i dag ikkje får maksimalt særfrådrag, vil få auka støtte gjennom utvida barnetrygd. Omlegginga vil komme dei einslege med lågast inntekt mest til gode.

Omlegginga skal gjennomførast frå 1. mars 2023.

Den ordinære barnetrygda blir vidareført på dagens nivå. Det er 1 676 kroner i månaden for barn under 6 år, og 1 054 kroner i månaden for barn over 6 år.

Forsking på utsette barn og unge

Regjeringa føreslår òg 10 millionar kroner frå Barne- og familiedepartementets budsjett til å etablera eit tverrsektorielt forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge i regi av Noregs forskingsråd. Programmet vil også finansierast med middel frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Programmet skal gi ei samla forskingssatsing om utsette barn og unge, og bidra til å løysa utfordringar på tvers av sektorar.