Statsbudsjettet 2018:

Meir pengar skal leggjast att i nordnorske bedrifter

Regjeringa har mål om auka verdiskaping i nordnorske bedrifter bygd på dei rike ressursane i landsdelen. – Som oppfølging av nordområdestrategien vil regjeringa prioritere leverandørutviklingssatsinga "Høgare opp i verdikjeda". Satsinga starta i 2017 og skal gå ut 2020. For 2018 er det sett av 17 millionar kroner.

Nordområda har store utviklingsmoglegheiter med betyding for heile landet. Sjømat, petroleum, fornybar energi, skipsfart og reiseliv er næringar i vekst. I Nord-Noreg er veksten høgare enn i resten av landet, og det er planlagt store investeringar.

– Regjeringa vil at vekstnæringane og forventa investeringar skal skape større ringverknadar i landsdelen. Med denne satsinga vil regjeringa legge til rette for å utvikle fleire konkurransedyktige leverandørbedrifter og fleire arbeidsplassar innanfor vekstnæringane i landsdelen, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.  

Denne satsinga med tre tiltak skal få bedriftene til å klatre i verdikjeda. Tiltaka handlar om samarbeid om å vinne større kontraktar, brubygging mellom forskingsmiljø og nordnorske bedrifter og ikkje minst kompetanseheving i bedrifter gjennom det arbeidet Nordland, Troms og Finnmark fylkeskommune gjer for å fremje etter- og vidareutdanning.

Satsinga skal konkretiserast i tett samarbeid mellom regjeringa, fylkeskommunane, Sametinget, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00