Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Meir pengar til å ta vare på villrein

Regjeringa foreslår å løyve 8,5 millionar kroner til å skaffe meir kunnskap om villreinen, ta betre vare på villreinstammen og stimulere til verdiskaping i villreinfjella.

– Regjeringa foreslår ei stor satsing på villrein, ein art som treng ekstra oppfølging for å overleve i framtida. Vi treng meir kunnskap om kva som er treffsikre tiltak. Difor vil vi lage ei kvalitetsnorm som skal bidra til at vi har villrein i Noreg i framtida òg. I tillegg vil vi løyve pengar til verdiskaping og andre tiltak i villreinområda, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Av dei 8,5 millionane regjeringa foreslår, skal 4 millionar kroner brukast til å etablere og drive ei kvalitetsnorm for villrein. Dette vil bli eit solid styringsverktøy for å skaffe kunnskap om tilstanden til villreinen, kva for utfordringar arten møter i dei enkelte villreinområda og kva for tiltak forvaltninga kan setje i gang.

For å stimulere til brei verdiskaping i dei ti nasjonale villreinområda, særleg innan reiselivet, foreslår regjeringa å auke løyvinga til verdiskaping med 3 millionar kroner. 1,5 millionar kroner er foreslått til andre konkrete tiltak i villreinområda.

Noreg er det einaste landet i Europa med opphavleg, vill fjellrein, med unntak av mindre førekomstar i det vestlege Russland. Villrein er ein nasjonal ansvarsart, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen.

Til toppen