Statsbudsjettet 2016:

Meir pengar til omstilling i Lierne

Regjeringa gjer framlegg om å løyve ytterlegare 15 millionar kroner til omstilling i Lierne kommune. – Regjeringa ser alvorleg på den vanskelege situasjonen i Lierne, og eg er glad for å kunne medverke til at det kan skapast ny vekst til glede for innbyggarane i kommunen, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Nedlegginga av Lierne bakeri og ringverknadane det har fått for næringslivet i Lierne kommune, gjer at kommunen står i fare for å miste rundt 120 arbeidsplassar på relativt kort tid. Det utgjer om lag ein femtedel av arbeidsplassane kommunen.

- Situasjonen i Lierne er vanskeleg både for lokalsamfunnet og, ikkje minst, for einskildpersonar og familiane det gjeld. Vi håper pengane vil medverke til nye arbeidsplassar i kommunen, seier Sanner.

I revidert nasjonalbudsjett blei det også løyvd 15 millionar kroner. Regjeringa har til saman løyvd 30 millionar kroner til omstillingsarbeidet i kommunen. Det er i tråd med det kommunen søkte om.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00