Meir til miljøforsking og skogvern

Budsjettet til Klima- og miljødepartementet aukar med nesten 700 millionar kroner i forslag til statsbudsjett for 2017. Av dette foreslår regjeringa mellom anna å løyve 71,5 millionar kroner til forsking for å nå mål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn, ti millionar kroner til forsking på marine økosystem og reint hav, og 20,5 millionar kroner til eit nytt bygg for forskingsmiljøet i Ny-Ålesund.

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 9 622,3 millionar kroner i 2017 mot 8 928,8 millionar kroner i 2016. Dette er ein netto auke på 693,5 millionar kroner, eller 7,8 prosent frå saldert budsjett 2016.

Dette er nokre av punkta i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2017:

  • Arbeidet med internasjonale klimatiltak blir og forslått vidareført på eit høgt nivå. I tråd med føringar for klima- og skogsatsinga frå Stortinget er det inngått avtaler som vektlegg betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar. I 2017 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for om lag 40 millionar tonn CO2 i utsleppsreduksjonar, hovudsakeleg i Brasil, Colombia og Guyana.
  • Skogen i Norge inneheld eit stort biologisk mangfald og regjeringa gjer framlegg om å løyve 392 millionar kroner til frivillig skogvern og vidarefører dermed det høge nivået frå 2016.
  • Framlegg til løyving til CO2-kompensasjonsordninga i 2017 utgjer 671 millionar kroner. Av dette er 147,6 millionar kroner ei auke frå 2016.
  • Løyvinga til friluftsliv med 160 millionar kroner blir ført vidare .
  • Regjeringa følgjer opp eksisterande vedtak om opprydding med pengar til Sandefjord og Bergen hamn ved å auke budsjettet med 100 millionar kroner knytt til det pågåande arbeidet.
  • Som ledd i arbeidet for å nå regjeringa sitt mål om å effektivisere statleg forvaltning, blir det lagt opp  til å redusere bemanninga i Miljødirektoratet.  Utgiftene til løn blir føreslått redusert med 30 millionar kroner. Dette vil føre til ein reduksjon i talet på årsverk. Dettenga skal gjennomførast dels ved å effektivisere oppgåvegjennomføringa, og dels ved å avvikle eller endre utføringa av enkelte oppgåver særleg innan naturforvaltning.

Forsking

I budsjettet for 2017 foreslår også regjeringa å løyve 71,5 millionar kroner til forsking for å nå mål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Tiltaket skal bidra til å nå 2030-måla. Satsinga skal ha særleg fokus på ikkje kvotepliktige utsleppssektorar, og være særskilt retta mot transportsektoren.

Regjeringa foreslår òg å løyve pengar til forsking som skal nyttast til kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav, under dette gjennomføring av eit pilotprosjekt for å betre miljøtilstanden i havet, samanlagd ti millionar kroner. Det blir òg avsett midlar til eit pilotprosjekt for bevaring av kysttorsk i Færder nasjonalpark og Ytre Hvaler nasjonalpark.

Svalbard

Regjeringa styrker Ny-Ålesund som forskingsstasjon og foreslår å løyve 20,5 millionar kroner til nytt bygg med plass til overnatting og opphald for 12-15 forskarar. Dette vil bidra til at ein kan nå målet om meir samarbeid og eit attraktivt sted for naturvitskapeleg arktisk forsking.

Klima- og skogsatsinga

Klima- og skogsatsinga blir ført vidare på eit nivå på om lag 2,8 milliardar kroner i 2017. Til løyvinga er det knytt ei tilsegnsfullmakt på 2,345 milliardar kroner. Tilsegnsfullmakta er auke med om lag 1,4 milliardar kroner frå 2016. Klima- og skogsatsinga si strategi er å inngå langsiktige avtalar om betaling for resultat i skoglanda. I takt med fleire inngådde partnarskap får klima- og skogsatsinga dermed fleire juridiske forpliktingar om utbetalingar i åra framover.

Ut over dette dekkjer fullmakta avtalar med organisasjonar som inneber utbetalingsforpliktingar over fleire år. Med den nye klimaavtala som vart vedteken i Paris i 2015, har reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland (REDD+) blitt ein del av det internasjonale klimaregimet. Dette inneber at bevaring, betre forvaltning og restaurering av skog i utviklingsland står sentralt i den internasjonale innsatsen for å sikre at den globale oppvarminga ikkje overstig 2, eller aller helst 1,5 grader. Som annonsert under klimatoppmøtet i Paris har Regjeringa som intensjon å vidareføre klima- og skogsatsinga fram til 2030.

Kjøp av klimakvotar

Det blir foreslått å løyve 260 millionar kroner til kjøp av klimakvotar i 2017. Dette er ein auke på om lag 60 millionar kroner frå 2016. Stortinget har gitt Klima- og miljø-departementet fullmakt til å inngå avtaler om kvotekjøp som bind staten til utbetalingar i 2017 og seinare år, med sikte på levering av 60 millionar kvotar i perioden 2013 – 2020. For 2017 foreslår Klima- og miljødepartementet ei fullmakt knytt til posten på 2,1 milliardar kroner. Forslaget til løyving i 2017 skal dels gå til avtalefesta betalingar for avtaler som allereie er inngåtte eller blir inngåtte i 2016 under fullmakter Stortinget har gitt departementet. Det er òg innarbeidd eit overslag over utbetalingar under nye kontraktar som er planlagt inngått i 2017.