Samferdselsbudsjettet 2019

Meir veg for mindre bompengar

- Vi vil ha meir veg for mindre bompengar for folk flest. Dei siste fem åra har bompengeveksten blitt kraftig redusert gjennom nedlegging av bomstasjonar, reduserte takstar utanfor byområda, meir effektiv innkrevning og ei auke i statlege delar i prosjekt. No har vi gjennomført bompengereforma og redusert talet på selskap frå 50-60 til 5 regionale bompengeselskap. For 2019 vidarefører vi tilskotsordninga som reduserer takstane utanfor byområda, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I statsbudsjettet for 2019 er det foreslått å løyve 531,4 millionar kroner gjennom tilskotsordninga for å redusere bompengetakstane utanfor byområda. Statens vegvesen forvaltar tilskotsordninga. Til saman har 40 prosjekt fått tilsegn om tilskot.

- Denne regjeringa løyver rekordmykje pengar til veg og byområde. Løyvingar til vegformål går opp og bompengedelen går ned. Faktisk har vi redusert bompengar som del av løyvingar til vegformål frå 26 prosent under førre regjering til 19 prosent under Solberg-regjeringa. Det vil vi fortsette med, seier Dale.

Regjeringa har gjennomført ein rekke tiltak for å redusere det bilistane betaler i bompengar:

- Betalt ned restgjeld i fire bompengeprosjekt, som avviklet innkrevjinga i 2014.

- Betalt ned gjeld i eit prosjekt før innkrevjinga starta opp, samt delvis innfridd gjeld i eit prosjekt. Dette har til saman spart bilistane årleg for 80–85 millionar kroner i bompengar.

- Endringar i tidligare finansieringsopplegg for utbygging av prosjekta E134 Seljord-Åmot i Telemark og E6 Helgeland nord i Nordland. Det har spart bilistane for 900 millionar kroner.

- Redusert bompengebidrag på 120 millionar kroner for prosjektet E16 Fønhus - Bagn i Oppland.

- Redusert bompengebidrag på 310 millionar kroner ved fullfinansiering med statlege midler av prosjektet rv. 36 Skyggestein – Skjelbredstrand i Bypakke Grenland.

- Ordninga med tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda, sparer bilistane årleg for om lag 500 millionar kroner i bompengar.

Gjennomføringa av bompengereformen går etter planen, og 50-60 selskap blir nå til fem regionale bompengeselskap. Kombinert med omlegging til ny takst- og rabattstruktur gir dette ein forenkla og meir effektiv organisering og innkreving av bompengar.

Til toppen