Statsbudsjettet 2024

Milliardsatsing for å få fleire til å fullføre vidaregåande og ut i arbeid

Arbeid for alle er ein av regjeringa sine viktigaste oppgåver. I budsjettet for 2024 vil regjeringa bruke over 1,2 milliardar kroner for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring og at fleire kan ta fagbrev.

– Når du er ferdig på skulen skal du vere klar for å gå ut i jobb og eller vidare til studiar. Utdanninga norsk ungdom tek må vere relevant og gjere at ein blir kvalifisert til å jobbe med det norsk arbeidsliv treng. I budsjettet foreslår vi å bruke meir enn ein milliard kroner på tiltak som gjer at både unge og vaksne får moglegheiter til å bli kvalifiserte til arbeidslivet eller til vidare studiar, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). 

485 millionar kroner til fleire læreplassar

Noreg vil kunne mangle så mange som 90 000 fagarbeidarar innan 2035, i følge framskrivingar frå SSB.

– Når ungdom står utan ein læreplass, er dette eit tap både for samfunnet og den einskilde. Derfor foreslår regjeringa 485 millionar kroner til fylkeskommunane for å sikre fleire læreplassar, seier Brenna.

Pengane er ei vidareføring av tilskotet for 2023 og skal styrke arbeidet med å både kvalifisere elevar til læreplass, formidle læreplassar og skaffe fleire læreplassar. Det er viktig at fylkeskommunane kan jobbe langsiktig med dette, derfor har regjeringa varsla at tilskotet vil bli vidareført på om lag dagens nivå fram til 2026. Dette viser at regjeringa følger opp Samfunnskontrakten for fleire læreplassar.

Styrker «Fagbrev på jobb»-ordninga

Regjeringa foreslår òg meir pengar til tiltak som vil gi vaksne utan fullført vidaregåande ein ny sjanse. Tilskotet til «Fagbrev på jobb»-ordninga blir auka til 83,2 millionar kroner i forslaget for 2024. Dette er ein auke på 23,2 millionar kroner. Ordninga gjer det mogleg for vaksne å ta fagbrev medan dei jobbar og får lønn.

Rett til å ta eit nytt fagbrev og rett til opplæring til ein har fullført

– Regjeringa vil gjere det mogleg for både unge og vaksne å skaffe seg ny, oppdatert kompetanse som arbeidslivet treng. Derfor foreslår regjeringa viktige grep for å sikre at fleire blir kvalifiserte til jobb og slik at fleire kan lære heile livet, seier Brenna.

  • For statsbudsjettet 2024 foreslår regjeringa 189 millionar kroner for at alle skal kunne ta eit nytt fagbrev, sjølv om ein har eit frå før, eller om ein har generell studiekompetanse. Dette er ein auke på 30 millionar kroner frå 2023.
  • Frå hausten 2024 skal alle få rett til vidaregåande opplæring heilt fram til ein oppnår studie- eller yrkeskompetanse, enten ein stryk på eksamen eller ikkje består fag. Regjeringa foreslår 320 millionar kroner til dette, som er ei vidareføring av tilskotsnivået for 2023.
  • Regjeringa foreslår òg over 60 millionar kroner til å legge til rette for fleire andre lovendringar i ny opplæringslov som skal bidra til at fleire fullfører. Lovendringane som desse midlane etter planen skal finansiere er:
    • Utvide øvre aldersgrense for målgruppa for oppfølgingstenesta for personar utanfor utdanning og arbeid frå 21 til 25 år
    • Tilgang til rådgiving for lærlingar
    • Plikt for kommunane og fylkeskommunane til å sørge for rådgiving for vaksne i grunnopplæringa
    • Rett til særskild norskopplæring for vaksne i grunnopplæringa
    • Plikt for kommunane og fylkeskommunane til å gi ein trygg og god overgang frå grunnskulen til vidaregåande opplæring

Rekordstor auke i bortebuarstipend og utstyrsstipend

– Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å velje den utdanninga ein ønsker. Også i budsjettet for 2024 foreslår regjeringa å auke både utstyrsstipendet og bortebuarstipendet, slik regjeringa gjorde i 2023, seier Brenna.  

Frå hausten 2024 foreslår regjeringa å auke bortebuarstipendet med 60 millionar kroner. Stipendet aukar frå 5 848 kroner i månaden til 6 677 kroner i månaden. Totalt vil kvar elev få 8 290 kroner meir i året. På tre år har regjeringa styrka stipendet med 2 000 kroner.

I dag strekk ikkje utstyrsstipendet til for alle, særleg for dei dyraste yrkesfaga. Regjeringa foreslår 40 millionar kroner til å styrke utstyrsstipendet. Ein auke i utstyrsstipendet bidreg til målet til regjeringa om at alle, uavhengig av økonomi, får lik tilgang til vidaregåande opplæring. På to år har regjeringa auka stipendet med om lag 90 millionar kroner, som er ein rekordstor auke.