Ministerrådsmøte om digitalisering på Island

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik deltek på nordisk ministerrådsmøte om digitalisering (MR-Digital) på Island 22. september. På møtet skal dei nordiske og baltiske digitaliseringsministrane underteikne ei erklæring om grensekryssande elektronisk ID (eID) i regionen.

– Noreg er opptekne av å leggje til rette for betre grenseskryssande tenester. Det er derfor viktig å løyse utfordringa med grensekryssande eID. Regjeringa har nyleg lagt fram ein ny nasjonal strategi for eID i offentleg sektor, og dei nordiske og baltiske landa er allereie leiande på området. Erklæringa som skal underteiknast på Island understrekar at vi skal jobbe enda meir målretta for å få til betre grensekryssande løysingar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

På ministerrådsmøtet vil dei nordisk-baltiske digitaliseringsministrane mellom anna få høyre frå Danmark sin tech ambassadør Anne Marie Engtoft Larsen og Federal Chief Information Officer for USAs president Joe Biden, Clare Martorana. Seinare skal deltakarane diskutere korleis dei nordisk-baltiske landa kan samarbeide betre om digital tryggleik, ansvarleg innovasjon og grensekryssande tenester.

– Den norske regjeringa har høge ambisjonar for digitaliseringa i offentleg sektor og i næringslivet, og vi veit at dei nordiske og baltiske landa har mange felles interesser når det gjeld digitalisering. Det er derfor viktig at vi møtest for å diskutere det nordisk-baltiske samarbeidet innan digitalisering fram mot 2030, seier Gjelsvik.