CSW66: Møte om likestilling og rettar for kvinner i New York

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statssekretær Gry Haugsbakken i Kultur- og likestillingsdepartementet deltek denne veka på FNs kvinnekommisjon i New York. Det er eit årleg møte om likestilling og rettar for kvinner.

Haugsbakken holder innlegget i FN
Statssekretær Gry Haugsbakken under Norges hovedinnlegg i generaldebatten. Foto: Thea Bull Skarstein/KUD

Tema for årets kommisjon er samanhengen mellom klimaendringar og likestilling. Haugsbakken heldt Noregs hovudinnlegg i generaldebatten torsdag 17. mars. I innlegget la ho vekt på fire tema:

  • At det er nødvendig å kjempe mot den internasjonale motstanden mot likestilling
  • Behov for å sikre rettar for arbeidstakarar i overgangen til ein grøn økonomi
  • Retten til friheit frå vald
  • Seksuell og reproduktiv helse og rettar for kvinner og jenter

Les Noregs hovudinnlegg