Nominér ein journalist til Kulturdepartementets menneskerettspris

Kulturdepartementets menneskerettspris for journalistar går til ein journalist som i særleg grad har satt søkelys på aktuelle menneskerettsspørsmål i Noreg.

Prisen skal inspirere til undersøkande journalistikk om menneskerettsspørsmål, og bidra til å avdekke eventuelle brot på menneskerettane. Alle kan foreslå kandidatar til prisen.

Prisen blir delt ut annakvart år, og neste vinnar blir offentleggjord hausten 2022. Nominasjonar må gjerast innan 15. august 2022.

Menneskerettsprisen for journalistar er etablert av Kulturdepartementet, det er ein open nominasjonsprosess, og det er Medietilsynet som administrerer ordninga. Prisen er ei pengegåve på 100 000 kroner. Vinnarar får også eit trykk av kunstnaren Cathrine Alice Liberg.

Nominering til Menneskerettprisen skal gjerast innan 15. august 2022. Send nominasjon via e-post til post@medietilsynet.no

Ved spørsmål, ta kontakt med Heidi Schau-Hvatum.

Les meir om prisen på nettsida til Medietilsynet