Noreg gir 70 millionar til flyktningar og migrantar

Noreg gir 70 millionar kroner til arbeidet til FNs migrasjonsorganisasjon, IOM, kunngjorde utanriksminister Espen Barth Eide tysdag.

Bilde av utenriksministeren og IOMs nye leder, Amy E. Pope, stittende for å signere avtale i hver sin protokoll
Utanriksminister Espen Barth Eide og IOM sin leiar, Amy E. Pope signerer avtala. Foto: Ane H. Lunde/UD

– IOM er ein organisasjon som er til stades over heile verda, og som støttar både dei som flyktar og dei landa og regionane som tek imot dei. Det er stadig fleire menneske i verda som blir fordriven frå heimane sine, og behova for å hjelpe fordrivne og migrantar berre aukar, seier Eide.

Tysdag hadde han møte med IOM sin nye leiar, Amy E. Pope. Utanriksministeren understreka at IOMs innsats er høgt verdsett, ikkje minst i Ukraina.

– Dei humanitære behova i verda aukar raskt som følgje av klimaendringar, konfliktar og mangel på mat. IOM er ein av våre viktigaste partnarar i arbeidet med å finne varige løysingar for mange millionar menneske som blir drivne frå heimane sine eller som søkjer nye liv i andre land, seier utviklingsminister Anne Beate Tvinnereim.

Under møtet signerte utanriksministeren og Pope ein avtale om 30 millionar kroner over to år til IOMs arbeid med fordriven i Nord-Afrika. Denne avtalen er ledd i eit nordisk samarbeid med IOM og EU for å bidra til å finne varige løysingar for dei mange migrantane som er i land i Nord-Afrika. Støtta går òg til lokalsamfunn som husar store grupper flyktningar, internt fordrivne og migrantar.

I tillegg blei det annonsert 20 millionar kroner til IOM sitt humanitære arbeid generelt. Denne støtta er ikkje øyremerkt til eit spesielt land. IOM kan dermed prioritere arbeid i dei mest underfinansierte og gløymde krisane. Ein annan avtale om kjernestøtte på 20 millionar kroner blei òg annonsert under møtet.

– Noreg ønskjer å gi våre nødhjelps- og utviklingspartnarar ikkje-øyremerket støtte, for å sikre kontinuitet, fleksibilitet og at handteringa av utfordringane skal vere føreseieleg, seier Eide.