Noreg skal trena ukrainske marinesoldatar

Norske soldatar startar denne våren opptrening av ukrainske marinesoldatar innan småbåtoperasjonar.  Treninga er eit første steg i det maritime koalisjonsarbeidet som Noreg leier saman med Storbritannia.

- Vi må bidra der vi kan gjere ein forskjell.Her kan Noreg stille etterspurd kompetanse i verdstoppen. Noreg har utvikla eit godt forhold til ukrainske marinesoldatar gjennom trening i Noreg, no tek me dette samarbeidet vidare og etablerer eit særskilt treningsopplegg, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Biletet er fra trening av ukrainske marinesoldatar i Noreg.
The photo is from training of Ukrainian Marines in Oslo. Foto: Norwegian Armed Forces

Treninga vil i første omgang vare om lag eitt år og i samarbeid med allierte nasjonar, og vil starte opp i Nederland. I tillegg til trening, vil Noreg donera gummibåtar og utstyr til ein verdi på om lag 60 millionar kroner.

– Målet med koalisjonen er å utvikle arbeidet som allierte og partnerar gjer for å støtte Ukraina, både på kort og lang sikt. No vil Storbritannia, Noreg og andre land hjelpe Ukraina med å byggje ein varig maritim kapasitet. Dette er eit langsiktig prosjekt og støtta vil krevja mykje arbeid i mange år framover, seier Gram.

Allierte og partnerar har tett dialog om korleis ein kan organisere militær støtte til Ukraina framover. Ulike koalisjonar er etablert for å støtte Ukraina. Noreg som sjøfartsnasjon kan bidra med maritim kompetanse, nye teknologiske løysningar og nytenking.

– Vi må hjelpe Ukraina i arbeidet med å opne handelsrutar i Svartehavet. Vi har mål om å styrke Ukrainas sjøforsvar og forbetre Ukrainas evne til å operere langs eigen kyst. Noreg har gjennomført opplæring av ukrainske soldatar i småbåtoperasjonar tidlegare og vil kunne byggje videre på denne støtta når dei konkrete planane for videre utvikling er ferdige, seier forsvarsministeren