Norskstøtta FN-prosjekt har forhindra oljeutslepp i Raudehavet

– Eg er svært glad for at Noreg har bidradd til å hindre ein alvorleg miljøkatastrofe i Raudehavet, som ville ramma folk og levebrød i ein allereie sårbar region, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Sidan konflikten i Jemen braut ut i 2015 har ein gammal oljetankar vore forlaten utanfor Jemen utan tilsyn. FN har lenge åtvara om at «FSO Safer» stod i fare for å byrje å leke, og FNs utviklingsprogram (UNDP) anslår at 17 millionar menneske kunne vorte påverka av ein oljelekkasje. Eit mogleg oljeutslepp frå «FSO Safer» ut i Raudehavet ville fått enorme konsekvensar for Jemen og regionen. 

FN kunngjorde i dag at overføringa av over ein million fat råolje frå oljetankaren til ein erstatningstankar er fullført. Ei rekkje land har støtta UNDPs arbeid med å få overført olja, inkludert Noreg som har bidrege med 35 millionar kroner.

– Eit utslepp ville ha fått økologiske, miljømessige og humanitære konsekvensar. I tillegg kunne internasjonal skipsfart i Raudehavet ha vorte direkte ramma, seier utanriksministeren.

Prosjektet har vore svært krevjande på grunn av den pågåande konflikten i Jemen. Erstatningsskipet er ei mellombels løysing og prosjektet er ikkje avslutta.