Noreg investerer 200 millionar i moderne løysingar for kokeomnar i Afrika

Over 2,3 milliardar menneske har ikkje tilgang på reine kokeomnar og må bruke trekol og anna fossilt brensel for å kunne setje mat på bordet med helsa som innsats. Noreg annonserer ein ny avtale på 200 millionar kroner som skal gi opp til 3,6 millionar menneske i Afrika tilgang til rein matlaging.

På COP28 annonserer Noreg eit bidrag på 200 millionar kroner til den nordiske grøne banken, NEFCO, og programmet «Modern Cooking Facility for Africa» (MCFA) som tilbyr finansiering til utviklarar av meir avanserte reine kokeomnar. Programmet tek ikkje berre i betraktning energieffektivitet og utslepp, men også brukarvennlegheit, lønnsemd, tryggleik og tilgjengelegheit. Målet er på sikt å utvikle nye, berekraftige og kommersielt levedyktige marknader for desse kokeomnane som også vil brukast av fattige hushald i urbane og utkanten av urbane strøk.  

– Å investere i rein matlaging er å investere i kvinnehelse. Det er i all hovudsak kvinner og jenter som lagar mat til familien i Afrika og som pustar inn røyk og andre farlege gassar når mat blir til med varme frå kol, ved og kvist. Noregs bidrag til reine kokeomnar er òg eit bidrag til kvinners rettar som er ein av Noregs hovudprioriteringar i utanriks- og utviklingspolitikken, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim. 

Innandørsforureining, hovudsakleg frå rauk i samband med matlaging, er knytt til 3,7 millionar tidlege dødsfall årleg, ifølgje det internasjonale energibyrået, IEA. Medan elektrifisering har hatt stor framgang dei siste åra, har rein matlaging ikkje sett den same positive utviklinga. Dette har forverra seg ytterlegare etter pandemien med stor økonomisk nedgang og høg inflasjon og mange har ikkje lenger råd til å velje reine løysingar. 

Programmet Noreg støttar har seks prioriterte land: Demokratiske Republikken Kongo, Kenya, Mosambik, Tanzania, Zambia og Zimbabwe.  

– Dette er ein del av den grøne omstillinga som er nødvendig for å få til ei berekraftig utvikling. Ikkje berre øydelegg dei tradisjonelle matlagingsmetodane helsa til dei som lagar maten, dei bidreg òg til avskoging fleire stader og det er dårleg nytt for klimaet vårt, seier Tvinnereim.