Historisk arkiv

Ny kartlegging av bustadlause

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

For femte gong er bustadlause kartlagte i Noreg. Kartlegginga frå NIBR viser at 6200 kom inn under definisjonen som bustadlaus i veke 48 i 2012. Talet har halde seg nokolunde stabilt sidan førre kartlegging i 2008.

For femte gong er bustadlause kartlagte i Noreg. Kartlegginga frå NIBR viser at 6200 kom inn under definisjonen som bustadlaus i veke 48 i 2012. Talet har halde seg nokolunde stabilt sidan førre kartlegging i 2008.

Det er berre to prosent av dei bustadlause som er såkalla uteliggjarar. Definisjonen famnar også om personar som ikkje disponerer ein eigd eller leigd bustad, men som er vist til mellombelse butilbod, som oppheld seg hos slektningar, vener og kjende, og som er under kriminalomsorga eller i institusjon og skal frigjevast eller utskrivast innan to månader.

Kartlegginga er gjennomført av Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) og viser både positive og negative utviklingstrekk. I motsetnad til våre naboland som har hatt ein vekst i talet på bustadlause, har talet halde seg nokolunde stabilt sidan førre kartlegging i 2008. Det er færre med rusproblem som er bustadlause, og utviklinga med stadig fleire bustadlause under 25 år har stoppa opp. Kartlegginga syner òg at 679 barn er bustadlause saman med ein eller begge foreldra sine.

– Sjølv om me kan sjå resultat frå innsatsen dei siste åra, er eg uroa over at fleire barnefamiliar er bustadlause, seier Navarsete.

Regjeringa la nyleg fram ei stortingsmelding om bustadpolitikk. Der varslar regjeringa fleire tiltak som skal hjelpe dei som sit nedst ved bordet. – Tilskot til utleigebustader til vanskelegstilte er styrkt, eg har sendt på høyring eit framlegg om å utvide minstetida for husleigekontraktar frå 3 til 5 år, me vil styrkje leigebuarorganiseringa og utvide Husleigetvistutvalet. I tillegg vil me gjere startlånet til ei betre ordning for vanskelegstilte på bustadmarknaden, fortel statsråden.

– For å lukkast må alle gode krefter dra i lag. Difor utviklar me ein ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid som skal samle og målrette den offentlege innsatsen overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.