Ny oppnemning av advokat Steinulf Tungesvik i Karantenenemnda

Steinulf Tungesvik er oppnemnd for fire nye år som medlem i Karantenenemnda. Oppnemninga skjer frå 1. november 2022.

Steinulf Tungesvik er advokat og partnar i HLT Advokatfirma AS, Bergen. Han har vore vararepresentant på Stortinget for Hordaland Sp i perioden frå 2009 – 2013. Han var óg politisk rådgjevar og statssekretær i Sosial- og helsedepartementet og statssekretær i Samferdsledepartementet.

Det er tidlegare fylkesmann i Nordland, Hill-Marta Solberg, som er leiar av Karantenenemnda. Solberg var stortingsrepresentant i perioden frå 1993-2009, har vore nestleiar i Ap og sosialminister. Nestleiar i nemnda er Gunnar Hæreid. Han er jurist og er assisterande statsforvaltar i Vestland. Dei andre medlemmene i nemnda er direktør for samhandling og innovasjon i Kristiansand kommune, Bernt Jørgen Stray, som har vore politisk rådgivar for Høgre i Nærings- og handelsdepartementet, og Ragna Aarli som er professor og prodekan for forsking ved Juridisk fakultet i Bergen.

Karantenenemnda er ei fagleg uavhengig nemnd som gjer vedtak om karantene og saksforbod i samband med overgang frå politisk embete eller stilling til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga eller ved etablering av næringsverksemd. Karantenenemnda består av ein leiar, ein nestleiar og tre andre medlemmer.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00