Ny rapport om innvandrarane sitt bu- og flyttemønster

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Innvandrarar i Noreg bur meir sentralt enn befolkninga elles, men desse forskjellane er blitt mindre dei siste tiåra, viser ein ny rapport frå NIBR - OsloMet.

– Innvandrarar pregar i aukande grad busetjinga i distriktskommunar og har dei siste 15 åra medverka til å opprette folketalet mange stader, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Dette kjem fram i rapporten «Innvandreres bo- og flyttemønster i Norge» som NIBR – OsloMet har skrive på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Trenden med at ein aukande del av innvandrarane i Noreg bur i distrikta, har fleire forklaringar: I åra 2006-2016, som var ein periode med svært høg innvandring til Noreg, busette nye innvandrarar seg mindre sentralt enn før. Innvandrarane er også blitt meir bufaste enn i starten av 2000-talet, og flyttar ikkje like hyppig frå sin fyrste kommune.

Flyktningar vs. arbeidsinnvandrarar

Innvandrarane som flytta mellom kommunar rundt år 2000 flytta oftare til sentrale strok enn dei gjer i dag. Samstundes er det skilnader mellom arbeidsinnvandrarar og flyktningar. Arbeidsinnvandrarane som har kome til distriktskommunar har i større grad blitt buande, og i mindre grad utvandra, enn arbeidsinnvandrarane som kom til meir sentrale strok. For flyktningar, derimot, har dei som har kome til distriktskommunar flytta vidare i større grad enn dei som har kome til sentrale strok.

– Eg er glad for at kommunar i heile Noreg gjerne vil busette flyktningar, og ser på både flyktningar og arbeidsinnvandrarar som ein viktig ressurs for å skape berekraftige og attraktive lokalsamfunn. Det er godt å sjå at fleire lukkast med å få fleire av dei som i utgangspunktet har kome til kommunen som arbeidsinnvandrarar til å busetje seg. Eg trur mange også vil jobbe målretta for at flyktningane skal bli buande i kommunen når introduksjonstida er over, seier Gjelsvik.

Pregar innanlands flytting

Aukande innvandrardel gjer at innvandrarane i aukande grad også pregar den innanlandske flyttinga. Mykje av den innanlandske utflyttinga frå distrikta generelt og Nord-Noreg spesielt er knytt til innvandrarbefolkninga. Landsdelen har over tid motteke mange flyktningar og arbeidsinnvandrarar, og innvandrarbefolkninga står no for over halvparten av nettoflyttinga frå Nord-Noreg.