Ny rapport:

Vilkåra til studiesentera i distrikta må betrast

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Studiesentera i distriktet rekrutterer og utdannar ei gruppe personar som elles ikkje ville tatt høgare utdanning. − Potensiale for vidare utvikling er stor. Regjeringa vil gjere tilgangen på desentralisert og fleksibel utdanning betre, slik at folk kan ta utdanning der dei bur, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Ein ny rapport syner at det finst eit stort potensial for utdanning og kompetanseheving av folk både i og utafor arbeidslivet i distrikta. Mangel på stabil finansiering av studiesentera og låg administrativ kapasitet hindrar utviklinga.

Det er Oxford Research som har laga rapporten på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet.

− Det er svært interessant å sjå at lokale studiesentera har så mykje å seie for utdanninga til mange personar i distrikta. Forfattarane konkluderer at desse lokale utdanningsmiljøa speler ei viktig rolle som samfunnsutviklar lokalt, seier Gjelsvik. 

Rapporten konkluderer med at distrikta er lite tent med å ha ein ustabil og sårbar infrastruktur for utdanning. Oxford Research råder derfor til at fylkeskommunane bør forvalte studiesentera og gje dei meir føreseielege rammer enn i dag.

−Regjeringa vil gjere tilgangen på desentralisert og fleksibel utdanning betre. Allereie i år har regjeringa støtta studiesentera med 40 millionar kroner til prosjekt gjennom Direktoratet for Høgare utdanning og kompetanse. I  haust vil vi sjå nærare på korleis desse kan spele ei enda viktigare rolle for å styrkje utvikling av kompetanse og arbeidskraft i Distrikts-Noreg, framhevar kommunal- og distriktsministeren.