Vil inngå regionvekstavtale med Nordland fylkeskommune

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) vil invitere Nordland fylkeskommune til dialog om mål og innretning på ei regionvekstavtale mellom staten og fylkeskommunen. Nordland blir saman med Rogaland pilotfylke som skal bli med i utviklinga av dette nye verkemiddelet i regionalpolitikken.

Gjennom ei regionvekstavtale ynskjer vi å samordne offentlege tiltak og verkemiddel, slik at dei treff dei regionale utfordringane og moglegheitene best mogleg, seier statsråd Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Her saman med (f.v.) stortingsrepresentantane Øystein Mathisen (Ap) og Siv Mossleth (Sp), Karl Hans Rønning (Sp) frå fylkesrådet i Nordland og statssekretær Nancy Porsanger Anti (Sp) utanfor Fylkeshuset i Bodø.
Gjennom ei regionvekstavtale ynskjer vi å samordne offentlege tiltak og verkemiddel, slik at dei treff dei regionale utfordringane og moglegheitene best mogleg, seier statsråd Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Her saman med (f.v.) stortingsrepresentantane Øystein Mathisen (Ap) og Siv Mossleth (Sp), gruppeleiar for Senterpartiet i Nordland fylkesting Karl Hans Rønning (Sp) og statssekretær Nancy Porsanger Anti (Sp) . Foto: KDD

– Nordland står overfor mange utfordringar og moglegheiter i tida som kjem. Dette arbeidet vil legge grunnlag for ein framtidsretta reiskap i regionalpolitikken som alle fylkeskommunar etter kvart vil kunne dra nytte av. Derfor er eg opptatt av at Nordland sjølv får ei sentral rolle i utforminga av avtala, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Målet er å inngå ei avtale mellom staten og fylkeskommunen om samordning av offentlege prioriteringar og tiltak i fylket omkring felles mål.

Omstilling og innovasjon

Nordland vil møte mange utfordringar i tida som kjem. Fylket skal gjennom ei grøn omstilling, næringslivet og det offentlege må innovere og finne nye løysingar for ei befolkning som blir stadig eldre. Samstundes må regionen tiltrekke seg arbeidskraft og kompetanse. Nordland har allereie i dag regionvekstavtalar med regionråda i fylket, og har erfaringar det kan vere nyttig å byggje vidare på.

– Gjennom ei regionvekstavtale ynskjer vi å samordne offentlege tiltak og verkemiddel, slik at dei treff dei regionale utfordringane og moglegheitene best mogleg. Dette vil kunne vere eit effektivt verktøy for omstilling og nyskaping, og for å nå felles mål på ein meir ressurseffektiv måte. Kva som kan bli det konkrete målet for avtala i Nordland, vil eg no drøfte med fylkeskommunen, seier Gjelsvik.

To pilotfylke

Staten og fylkeskommunen skal vere hovudpartar i regionvekstavtalane. Kva rolle kommunane skal ha, må avklarast som ein del av arbeidet i det einskilde fylke.

Utprøving av regionvekstavtaler som verkemiddel i regionalpolitikken, vil no bli starta opp i to fylke. På sikt er målet at staten skal invitera til avtaler med alle fylkeskommunane.