Vil inngå regionvekstavtale med Rogaland fylkeskommune

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) vil invitere Rogaland fylkeskommune til dialog om mål og innretning på ei regionvekstavtale mellom staten og fylkeskommunen. Rogaland blir eitt av to pilotfylke som skal bli med i utviklinga av dette nye verkemiddelet i regionalpolitikken.

– Utvikling av ei regionvekstavtale i Rogaland vil vere nybrotsarbeid og legge grunnlag for ein framtidsretta reiskap i regionalpolitikken som alle fylkeskommunar etter kvart vil kunne dra nytte av. Eg er difor oppteken av at avtaleverktøyet blir utvikla i tett samarbeid med Rogaland, seier Gjelsvik.

Målet er å inngå ei avtale mellom staten og fylkeskommunen om samordning av offentlege prioriteringar og tiltak i fylket omkring felles mål.

Ser fram til å bidra

– Dette er veldig gledelege nyheiter for Rogaland! No ser eg fram til å bidra til den spesifikke utforminga av regionvekstavtalen. Dette vil kunne løyse dei utfordringane som ligg i regionen når det kjem til busetting, næringsliv og transport. Eg er glad for at departementet peikar på fylkeskommunen som hovudpart i dette arbeidet. Det å løyse komplekse, kommuneoverskridande utfordringar er ein del av vårt mandat, seier fylkesordførar Marianne Chesak i Rogaland fylkeskommune.  

– Det er viktig at planen byggjer på måla i dei eksisterande planane vi har vedteke, slik at vi sikrar lokal forankring og demokratisk deltaking. Eg synes også det er positivt at planane har ei heilskapleg tilnærming utover rein næringsutvikling. Det er viktig for å nå dei nasjonale måla som er krevjande å oppnå for enkeltkommunar, seier Chesak.  

Vil samordne tiltak

Rogaland vil møte mange utfordringar i tida som kjem. Fylket skal gjennom ei grøn omstilling, næringslivet og det offentlege må utvikle seg videre og finne nye løysingar for ei aldrande befolkning. Samstundes må regionen tiltrekke seg arbeidskraft og kompetanse.

– Gjennom ei regionvekstavtale ynskjer vi å samordne offentlege tiltak og verkemiddel, slik at dei treff dei regionale utfordringane og moglegheitene best mogleg. Eg ser på regionvekst­avtaler som eit effektivt verktøy for omstilling og nyskaping, og for å nå felles mål på ein meir ressurseffektiv måte. Kva som kan bli det konkrete målet for avtala i Rogaland, vil eg no drøfte med fylkeskommunen, seier Gjelsvik.

Staten og fylkeskommunen skal vere hovudpartar i regionvekstavtalane. Kva rolle kommunane skal ha, må avklarast som ein del av arbeidet i det einskilde fylke.

Utprøving av regionvekstavtaler som verkemiddel i regionalpolitikken, vil no bli starta opp i to fylke. Kven det andre fylket er, vil bli offentleggjort seinare. På sikt er målet at staten skal invitera til avtaler med alle fylkeskommunane.