Nye kommunar og fylkeskommunar frå 1. januar 2024

Dei nye fylkeskommunane Finnmark, Troms, Telemark, Vestfold, Akershus, Buskerud og Østfold trer i kraft frå 1. januar 2024. Det same gjer nye Haram og nye Ålesund kommunar.

– Eg vil gratulere innbyggjarar, tilsette og politikarar i dei nye fylka og kommunane med dagen, og ønskje lukke til med oppstarten av dei nye einingane, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Det er gjort ein stor innsats blant dei tilsette i fylkeskommunane og kommunane med å førebu dei nye einingane. Kartverket og andre statlege etatar har òg gjort en formidabel jobb for å dei nye fylkeskommunane og kommunane oppe å gå.

Regjeringa har gitt kompensasjon til dei tre fylkeskommunane og Ålesund kommune for naudsynte eingongskostnadar ved å gjennomføre delingane, totalt 795,2 millionar kroner.

Hausten 2021 ga regjeringa tvangssamanslåtte fylkeskommunar og kommunar høve til å dela seg. Tre fylkeskommunar (Troms og Finnmark, Viken, Vestfold og Telemark) og ein kommune (Ålesund) søkte om deling. Stortinget vedtok delingane i juni 2022.