Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Nye tiltak for å styrke den digitale grunnmuren i Finnmark

Det blir satsa stort på å betre den digitale grunnmuren, mobil- og breibandnetta, i Finnmark. - Eg har gitt Nkom i oppdrag å raskt setje i verk tiltak for å styrke dei digitale motorvegane i Finnmark, og bedt dei vurdere moglegheita for å etablere nye digitale motorvegar. Tiltak i storleiksorden 20-30 millionar kroner vil bli sett i verk i Finnmark, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland på besøk i Kirkenes.

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i Kirkenes, hvor ho fekk presentert dei nye tiltaka.
Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i Kirkenes, hvor ho fekk presentert dei nye tiltaka. Foto: KMD

– Finnmark får 90 millionar kroner til forsterka ekom i år, som vil gi 10 nye kommunar styrka mobilnett i område som er viktige for lokal kriseleiing, seier Helleland.

Sårbar infrastruktur i Finnmark

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har, i samråd med teleselskapa og lokale myndigheiter, utarbeidd ein rapport som identifiserer sårbarheiter i den digitale grunnmuren i Finnmark, og foreslår tiltak for å redusere sårbarheitene.

https://www.nkom.no/aktuelt/rapport-om-ekominfrastruktur-i-finnmark

Finnmark har opplevd fleire større og langvarige utfall av mobil- og breibandtenester dei siste åra. Det er teleselskapa sitt ansvar å levere gode og sikre mobil- og breibandnett, og myndigheitene gir tilskot til sikkerheit og beredskap for tiltak som går ut over teleselskapa sitt ansvar.

Styrking av den digitale motorvegen til Finnmark

– Viss den digitale motorvegen har utfall, er det store område som blir ramma. Eg har bedt Nkom om å setje i verk tiltak for å styrke transportnetta, eller den digitale motorvegen, til Finnmark og i Finnmark.

Nkom har starta dialogen med teleselskap og lokale verksemder, for å raskt komme i gang med det nye oppdraget. Tiltaka vil kunne førebyggje mot, eller redusere omfanget av, større utfall forårsaka av brot i dei eksisterande føringsvegane. Dette arbeidet har fått høg prioritet for Nkom.

 

Akselerert digitalisering og meir heimekontor

Det norske samfunnet blir stadig meir digitalisert, og handteringa av situasjonen knytt til Covid-19 har ført til at den digitale grunnmuren har blitt endå viktigare. Digitale verktøy bidreg til å oppretthalde kommunikasjon mellom lærarar og elevar i periodar med heimeskule, og er ein viktig føresetnad for heimekontor.

- Digitalisering er avgjerande for vidareutvikling av det lokale næringslivet. Ein solid digital grunnmur i distrikta er ein føresetnad for å sikre eksisterande og leggje til rette for nye arbeidsplassar, og tiltaka vi no er i gang med, støttar opp om dette, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

 

Fakta om forsterka ekom i Finnmark

  • Regjeringa la fram et eit forslag til tilleggsløyving, som Stortinget vedtok 19. juni, der 90 millionar kroner skal styrke utbygginga av forsterka ekom i Finnmark.
  • Pengane finansierer etablering av forsterka ekom i 10 nye kommunar; Sør-Varanger, Vardø, Vadsø, Båtsfjord, Tana, Nesseby, Nordkapp, Porsanger, Måsøy og Alta. Planleggingsarbeid og synfaringar for desse kommunane har starta. Utbyggingskontraktar skal signerast i løpet av 2020.
  • Tidlegare i programmet er 6 kommunar i Finnmarksregionen fullført eller under gjennomføring: Hasvik, Loppa, Hammerfest, Gamvik, Lebesby og Berlevåg. Med desse tiltaka kjem alle kommunane i Finnmark til å få eit område med forsterka ekom.
  • Programmet for forsterka ekom er eit viktig tilskotsprogram for å styrke den fysiske

motstandsdyktigheita i den digitale grunnmuren vår, spesielt i distrikts-Norge. Pilot for alternativt transportnett er eit anna viktig tiltak.

  • Programmet for forsterka ekom skal styrke kommunane si evne til å handtere kriser og befolkninga sine moglegheiter til kommunikasjon ved eit langvarig straumutfall. Området som blir vald, får naudstraumkapasitet i minimum 3 døgn til basestasjonar og til føringsvegar vidare inn i mobilnetta.
  • Alle dei tre mobiloperatørane deltek i programmet, slik at kundane til Telia, Ice og Telenor skal kunne dra nytte av tiltaket.
  • I tillegg vil Nødnett også bli kopla til den utvida reservestraumen, dersom det er samlokalisert er på basestasjonane som blir styrkte.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00