Nytt regelverk for universitet og høgskular er vedtatt

1. august i år får nær 300 000 studentar og 43 000 tilsette ved landets universitet og høgskular eit nytt, meir forståeleg og tilgjengeleg regelverk.

– Eg er glad for at Stortinget no har vedtatt den nye universitets- og høgskulelova. No styrker vi vernet av den akademiske fridomen, og vi får mellom anna nye og betre reglar for eksamenssensur, fusk, mellombelse stillingar og nedlegging av studiestader, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).  

8. mars ble den nye lova sanksjonert i statsråd. I dag mottar alle landets universitet og høgskular eit brev frå Kunnskapsdepartementet med føringar om korleis dei skal følgje opp den nye lova:

– No går marsjordren til alle landets universitet og høgskular. Dei har ein jobb å gjere med å sette seg inn i nye reglar, tilpasse seg den nye lova og samkøyre praksis på tvers av institusjonane.  Vi vil ha tett dialog med universiteta og høgskulane om dette framover, seier  Hoel.

Alle universitet og høgskular i Noreg er regulerte av universitets- og høgskulelova. Det er omtrent 20 år sidan det vart gjort ei heilskapleg vurdering av lova og sidan den gong har lova vorte endra ei rekke gonger. No er heile lova for første gong på lenge gått gjennom. Forarbeida til den nye lova inneheld rettleiing og informasjon om tolking til alle reglane, og vil derfor bli eit viktig oppslagsverk for sektoren.

Her er dei viktigaste endringane i lova

Nedlegging av studiestader er ei politisk avgjerd

I dag er det universiteta og høgskulane sjølve som avgjer om dei vil legge ned studiestader. Dette ønskte regjeringa å endre på, og i den nye lova er retten til å vedta nedlegging av studiestader lagt til Kongen i statsråd.

Tydelegare reglar for fusk

For å legge til rette for ein meir nyansert praksis i fuskesaker, gir den nye lova avklaringar og føringar om fusk. Mellom anna blir det no ei meir nyansert tilnærming til såkalla «sjølvplagiat», altså gjenbruk av eige arbeid. Gjenbruk av upublisert arbeid, og arbeid som ikkje har gitt utteljing, skal etter den nye lova ikkje reknast som fusk.

Strammar inn reglane for mellombelse tilsetjingar

Bruken av mellombelse stillingar i universitets- og høgskulesektoren er høgare enn i norsk arbeidsliv elles. Tal frå SSB viser at mot slutten av fjoråret var 8,4 % av den samla arbeidsstyrken i landet mellombels tilsette, medan 10,5 % av dei tilsette ved universitet og høgskular var mellombels tilsett. Det er i undervisnings- og forskingsstillingane at det er flest mellombels tilsette.

I den nye universitets- og høgskulelova er det gjort endringar og presiseringar i reglane om norsk fagspråk. Lova slår mellom annet fast at undervisningsspråket i høgare utdanning i Noreg er norsk eller samisk, og at unntak frå dette kravet må ha en tydeleg fagleg grunngjeving.

Styrkt vern om akademisk fridom

I 2022 kom utgreiinga frå utvalet som såg på vilkåra for akademisk ytringsfridom i Noreg. Kierulf-utvalet peika på fleire moglege truslar ovanfrå, nedanfrå, innanfrå og utanfrå akademia, og slo fast at kvar for seg og samla utgjer desse typane av truslar mot sanningssøking og akademisk ytringsfridom ei stor samfunnsutfordring. No har Stortinget etter forslag frå regjeringa, vedteke fleire presiseringar som følgjer opp tilrådingane til utvalet.

Styrker norsk fagspråk

Dei siste åra har stadig meir undervisning og forsking ved universitet og høgskular gått føre seg på engelsk. Regjeringa vil at norsk framleis skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. Derfor la regjeringa i fjor frem ein ny handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.

To sensorar på eksamen

Det var stor motstand blant universiteta og høgskulane mot kravet om to sensorar ved alle eksamenar, som vart foreslått av Solberg-regjeringa og vedteke i 2021. Kritikken har mellom anna gått på at det vil bli svært ressurskrevjande og vanskeleg å gjennomføre i praksis. Derfor utsette regjeringa iverksetjinga og etter forslag frå regjeringa har Stortinget no vedteke ei løysing som skal gi betre ressursbruk og som stiller strenge krav til sensuren på dei store eksamenane.

No skal det vera to sensorar ved sensur av:

  • Bacheloroppgåva eller liknande sjølvstendige arbeid på lågare grad
  • Eksamenar som åleine utgjer 15 studiepoeng eller meir
  • Ikkje-etterprøvbare eksamenar, slik som munnleg eksamen og eksamenar i utøvande kunst.