Ope møte om høyring av Noreg i FN sitt menneskerettsråd

Alle FN sine medlemsland har kvart femte år høyringar i FNs menneskerettsråd (MR-rådet) om menneskerettssituasjonen i landet (Universal Periodic Review/UPR). I samband med den kommande høyringa av Noreg inviterer UD til eit informasjons- og innspelsmøte måndag 29. januar.

Høyringane munnar ut i tilrådingar frå andre land om tiltak for å styrkje gjennomføringa av menneskerettane. Bruken av mellomstatlege tilrådingar legg til rette for ein konstruktiv debatt, og eit stort engasjement og innspel frå det sivile samfunnet bidreg til større openheit rundt menneskerettsutfordringar i alle land.

Noreg skal høyrast for fjerde gong i november 2024, og skal levere ein rapport til MR-rådet i august 2024. Rapporten skal innehalde ei forklaring for oppfølging av tilrådingane som Noreg godtok etter den tredje UPR-høyringa i 2019, og dessutan andre utviklingstrekk på menneskerettsfeltet. Tilrådingane frå andre land og Noregs tilbakemelding på desse er tilgjengelege på FN sin høgkommissær for menneskerettars nettsider.

I samband med det kommande arbeidet med rapportskrivinga og høyringa inviterer Utanriksdepartementet til eit informasjons- og innspelsmøte.

Dagsorden for møtet

  1. Innleiing ved statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
  2. Førebudde innspel frå deltakarane
  3. Eventuelle kommentarar til innspela
  4. Spørsmål og svar om prosessen
  5. Avslutning

Tid: Måndag 29. januar kl. 14:00-15:30.

Stad: Utanriksdepartementet, 7. juniplassen 1, Oslo

Påmelding: Namn på deltakarar og ønske om å gi korte munnlege innspel om tema som bør inngå i rapporten blir sendt til susanne.juell.gudbrandsen@mfa.no innan måndag 22. januar. Skriftlege innspel kan sendast til post@mfa.no innan 12. februar.

Dei som skal delta på møtet må ta med legitimasjon.