Presseinvitasjon: Kultur- og likestillingsministeren presenterer forslaget til kultur- og likestillingsbudsjettet for 2024

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery presenterer kultur- og likestillingsbudsjettet fredag 6. oktober kl. 13:30 på IBSEN Museum & Teater.

Nett-tv Presentasjon av kulturbudsjettet for 2024

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

TID: Fredag 6. oktober kl. 13:30

STAD: IBSEN Museum & Teater, Henrik Ibsens gate 26

PÅMELDING: Vi ber alle frå presse om å melde seg på med namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no eller pressetelefon 90 23 10 93 (ikkje sms) innan 6. oktober kl. 12:00.

Kultur- og likestillingsministeren vil vere tilgjengeleg for ein til ein-intervju etter presentasjonen.

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekonferansen vil også bli strøymd på Kultur- og likestillingsdepartementet si Facebook-side.

Det lét seg ikkje gjere å få teiknspråktolk til denne pressekonferansen. Opptaket frå pressekonferansen vil bli teksta.