Presseinvitasjon:

Kunnskapsministeren tek imot sluttrapport frå ekspertgruppen for digital læringsanalyse

Korleis kan lærarar best bruka data som blir samla inn om elevane til å gjere norsk utdanning betre? Og kva har det å seie for personvernet til elevane? Dette er nokre av spørsmåla vi får svar på i rapporten kunnskapsminster Tonje Brenna tek imot tysdag 6. juni.

Nett-tv Kunnskapsministeren tek imot sluttrapport frå ekspertgruppen for digital læringsanalyse

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Tysdag 6. juni, kl. 13.00 – 14.00.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo.

Det fins allereie fleire system for digital læringsanalyse i skulen og høgare utdanning, men det er mange spørsmål knytte til personvern og etikk.

Utgreiinga frå ekspertgruppa skal gi eit betre grunnlag for avgjerder om digital læringsanalyse i grunnopplæringa, høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Gruppa har vurdert pedagogiske, etiske, juridiske og personvernrelaterte spørsmål ved bruk av digital læringsanalyse, og vil gi råd om behov for utvikling av regelverket og innspel om god praksis.

Program:

  • 13.00 – 13.02: Velkomen ved fungerande kommunikasjonssjef for kunnskapsministeren Hanne Roald
  • 13.02 – 13.17: Utvalsleiar professor Marthe Blikstad-Balas presenterer hovedfunn
  • 13.17 – 13.22: Kunnskapsminister Tonje Brenna kommenterer
  • 13.22 – 13.37: Kommentarar frå Fagskolestudentene, Elevorganisasjonen og KS
  • 13.37 – 14.00: Pressetid og høve til separate intervju

Pressekonferansen vil bli strøymd på www.regjeringen.no/kd

Journalistar bør melde seg på dagen før, og møte opp før kl. 12.50. Hugs gyldig ID. Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Martin Siewartz Nielsen (martin-siewartz.nielsen@kd.dep.no, tlf 911 59 317).

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.