Statsbudsjettet 2024

Prioriterer midlar til oppstart av prosjektet E6 Megården-Sommerset

– Vi ønskjer å prioritere midlar til å starte opp E6 Megården–Sommerset i Nordland. Nord-Noreg er viktig for denne regjeringa, og dette prosjektet vil kunne bidra til å løyse utfordringar knytt til tunnelsikkerheit, samfunnssikkerheit, beredskap og framkome på strekninga, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa har sett av midlar til oppstart av vegprosjektet E6 Megården–Sommerset.

Deler prosjektet i to

For å få til oppstart, har regjeringa valt å dele prosjektet i to delprosjekt. Det gjer at ein no kan byrje på utbygginga av ny E6 frå Megården til Sommerset. Seks av dei tolv tunnelane på meir enn 500 meter mellom Megården og Mørsvikbotn skal erstattast av nye tunnelar.

Regjeringa meiner at prosjektet er såpass viktig at ein ikkje lenger kan vente med oppstart, og har difor en valt å dele prosjektet i to for å komme i gang.

Aktørar i anleggsbransjen har vore kritisk til for store samferdselsprosjekt i Noreg. Oppdelinga kan difor bidra til at fleire norske entreprenørar har moglegheit til å delta i konkurranse om kontraktane.

– Det er viktig for meg å presisere at ei oppdeling av prosjektet ikkje betyr det same som at vi no legg strekninga Sommerset–Mørsvikbotn på is. Regjeringa ønskjer å kome i gang med denne delen så raskt som mogleg, seier Nygård.

Vil starte frå sørsida

Statens vegvesen har tilrådd at ein startar bygging av prosjektet frå sørsida. Kostnadene for første byggetrinn er anslått til om lag 4,2 milliardar kroner. Det gjennomførast no ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet, og kostnadsanslaget kan bli endra etter denne kvalitetssikringa. Dersom prosjektet får oppstart i 2024, vil det kunne opnast i 2029 eller 2030.

Regjeringa vil kome tilbake til utviklinga av resterande strekning i ny Nasjonal transportplan, som skal leggast fram våren 2024.