Historisk arkiv

Rapport frå Difi om direktoratsoppgåver innanfor veg- og jernbanesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Delar av samferdselssektoren står midt i ein reformprosess. Vi samlar ansvar og oppgåver for å oppnå ei meir heilskapleg og langsiktig utvikling av infrastrukturen vår. Vi har store forventningar til resultata av denne satsinga. Det er viktig at vi har fornuftig tempo i reformarbeidet, og ikkje set i gang for mange endringar på ein gong. I ein ny rapport tilrår Difi å ikkje innføre ytterlegare organisasjonsendringar i veg- og banesektoren før dei allereie vedtekne endringane er prøvd ut. Difi går difor ikkje inn for å etablere eit sams veg- og banedirektorat no. Rapporten er eit nyttig innspel i reformprosessen i sektoren, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Regjeringa gjennomfører fleire endringar i samferdselssektoren. I vegsektoren er det Nye Veier As etablert. Selskapet har fått ansvar for sju strekningar der det skal byggast firefelts motorveg. Innanfor jernbanesektoren held vi på med å få på plass eit direktorat, eit statsføretak og fleire selskap. Målet med reformene er mellom anna å gjere utbygging, drift og vedlikehald av infrastrukturen betre og meir effektiv, seier samferdselsministeren.

Samferdselsdepartementet gav tidlegare i år Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i oppdrag å kartleggje direktoratsoppgåver innanfor veg- og jernbanesektoren. Målet med kartlegginga var å få fram likskapar og forskjellar i oppgåver og organisering av dei to sektorane. Difi  har kartlagt og vurdert oppgåvestruktur og sentrale problemstillingar knytt til ei eventuell samanslåing av Vegdirektoratet og det nye Jernbanedirektoratet, som er operativt frå 1. januar 2017.

I rapporten tilrår Difi mellom anna å:

  • prøve ut og evaluere dei vedtekne organisasjonsendringane innanfor veg- og jernbanesektoren før ytterlegare endringar blir innført. Difi avviser ikkje ideen om å etablere eit sams transportdirektorat for veg og bane, men går ikkje inn for å gå i gang med eit slikt arbeid no.  
  • vurdere ansvaret og funksjonen som Staten vegvesen har regionalt. Dette omfattar mellom anna å sjå på ordninga med sams vegadministrasjon i lys av regionreforma. 
  • utvikle meir samarbeid og fellestenester på tvers av Vegdirektoratet og Jernbanedirektoratet. Dette gjer at dei to etatane i større grad kan samarbeide om planlegging av utbyggingsprosjekt, innkjøp, utveksling av kompetanse, i tillegg til å utnytte spisskompetanse på overlappande fagområde og fellestenester for IKT.

Samferdselsdepartementet tar med seg rapporten i arbeidet med forslag til statsbudsjett for 2017 og Nasjonal transportplan 2018-2029.

For fleire opplysningar – sjå:

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)