Rapporten frå straumprisutvalet levert til olje- og energiministeren

Olje- og energiminister Terje Aasland tok i dag imot straumprisutvalets rapport om dagens system for å fastsetje straumprisen.

Leder av strømprisutvalget sammen med statsråden som holder rapporten
Leder av Strømprisutvalget Inge Gram og olje- og energiminister Terje Aasland på framleggelsen av Strømprisutvalget. Foto: Stine Grimsrud / OED

– Med bakgrunn i den ekstraordinære perioden i kraftmarknadene var det viktig for regjeringa å få ein grundig gjennomgang av fordelar og ulemper med dagens prinsipp for prisfastsettinga i ulike delar av kraftmarknaden. Derfor oppretta vi straumprisutvalet i februar i år, seier Aasland.

Straumprisutvalet vart oppretta i februar 2023. Ekspertutvalet har vore leia av administrerande direktør Inge Røinaas Gran i Sintef Energi. Hovudoppgåva til utvalet har vore å vurdere kva tiltak på kort og lang sikt som kan sikre straumbrukarar lågare og meir føreseielege prisar, innafor handlingsrommet i EØS-avtalen.

– Regjeringa har handla i møte med den ekstraordinære prissituasjonen. Vi har etablert ei viktig straumstøtteordning for hushalda og betre fastprisavtalar for næringslivet. I tillegg har vi styrkt kraftsystemet vårt, sagt nei til nye utanlandskablar og lagt fram nye verktøy for å trygge kraftforsyninga vår, som gir meir politisk kontroll. No skal vi vurdere rapporten frå straumprisutvalet, og eg ser fram til å følgje opp dette arbeidet, seier Aasland.

I rapporten har utvalet gitt si vurdering av den ekstraordinære situasjonen i kraftmarknadene dei siste to åra, og har tatt ein grundig gjennomgang av kraftmarknaden i Noreg. Utvalet har til slutt analysert ei rekkje forslag til tiltak i både engros- og sluttbrukarmarknaden som har til hensikt å bidra til stabile og konkurransedyktige prisar.

Rapporten frå straumprisutvalet blir no sendt på offentleg høyring. Høyringsfristen er 15. desember 2023. 

Her kan du lese rapporten frå straumprisutvalet: Balansekunst