Historisk arkiv

Raskt breiband gir gevinstar for distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ein ny rapport stadfestar at utbygging av breiband med høg kapasitet i seks distriktsområde har ført med seg etablering av nye føretak, utvikling av eksisterande verksemder og betre tenesteproduksjon i offentleg sektor som elles ikkje ville vore muleg.

Ein ny rapport stadfestar at utbygging av breiband med høg kapasitet i seks distriktsområde har ført med seg etablering av nye føretak, utvikling av eksisterande verksemder og betre tenesteproduksjon i offentleg sektor som elles ikkje ville vore muleg.

- Rapporten syner at raskt breiband er ein føresetnad for at både private og offentlege verksemder skal bli lokaliserte i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Konsulentselskapet Nexia har på oppdrag frå Distriktssenteret kartlagt ny bruk av høgkapasitet breibandsnett i Austevoll, Bykle, Dyrøy, Fitjar, Forradal og Numedalsregionen. Rapporten slår fast at det er muleg å ta ut samfunnsgevinstar av breibandsnett med høg kapasitet i distriktsområde sjølv kort tid etter utbygginga.

I fylgje rapporten kan dette medverke til å hindre digitale klasseskilnader knytt til skule- og helsetilbod mellom by og distriktsområde.

- Raskt breiband gir også fridom til å busetje seg der ein vil når arbeidsplassen er lokalisert ein annan stad, seier Navarsete og syner til at det raske breibandet har gitt effektive heimekontorløysingar og høve til videobasert e-læring og e-helse i heimen.

- Rapporten er eit viktig innspel i arbeidet med å følgje opp regjeringa sitt mål om å leggje til rette for at folk skal kunne bu der dei vil. Raskt breiband er å rekne som grunnleggjande infrastruktur i samfunnet, på line med veg, elektrisitet og vatn, seier Navarsete

Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Distriktssenteret. Distriktssenteret arbeider med å skaffe fram og formidle erfaringar om utvikling og aktuelle tiltak for Distrikts-Noreg.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

 

 

Til toppen