Regjeringa fordeler 184 millionar til desentraliserte utdanningar

16 studiesenter over heile landet får over 34 millionar kroner slik at dei kan tilby fleire lokale studietilbod. I tillegg får 17 universitet, høgskular og fagskular 150 millionar kroner for å tilby desentraliserte og fleksible utdanningar innan mellom anna teknologi, digitalisering og sjukepleie. UiT - Noregs arktiske universitet, VID vitskaplege høgskule og Noregs handelshøgskole er dei som får mest pengar.

– Vi treng å nå ut med utdanningstilbod og kompetansepåfyll til fleire, i fleire aldrar og ulike livssituasjonar. Vi ser at arbeidsmarknaden skrik etter kompetanse og at verksemder ikkje får tak i folka dei treng. Då må vi ha tilbod som finst der folk bur, og som er tilpassa jobb og ungar. No gir vi fleire den moglegheita, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

For å nå ut til fleire med utdanningstilbod det er stadig aukande behov for, har regjeringa lansert ei søknadsbasert satsing på studiesenter og desentrale og fleksible utdanningstilbod. No er søknadane ferdig behandla, og regjeringa tildeler pengane.

Studiesenter frå Agder til Finnmark får støtte

16 studiesenter får til saman 34 millionar kroner som mellom anna kan gå til drift, rekrutteringsarbeid og tilrettelegging for studentar. Av studiesentera er det Lister kompetanse, Aust-Finnmark kunnskapssenter og studiesenter RKK Ytre Helgeland som får mest pengar.

– Den nye ordninga skal bidra til at studiesentera får trygg og solid drift over tid. Det skal gje fleire og betre fleksible utdanningstilbod som er tilpassa det lokale behovet for kompetanse, seier Borten Moe.

Desse får pengar til studiesenter: 

Institusjon

Tildelt beløp kr

Fylke

Lister kompetanse AS

5 100 000

Agder

Høgskolesenteret i Kongsvinger

2 712 000

Innlandet

Tynset studie- og høgskolesenter

2 280 000

Innlandet

Kommunalt oppgavefellesskap studiesenter RKK Ytre Helgeland

3 295 000

Nordland

Regionalt kurs- og kompetansesenter for Vefsn, Gran og Hattfjelldal

1 790 000

Nordland

Vesterålen regionråd

1 500 000

Nordland

Dalane utdanningssenter

2 165 000

Rogaland

Ryfylke IKS

1 800 000

Rogaland

Campus Nord-Troms AS

1 180 000

Troms og Finnmark

Studiesenteret Midt-Troms AS

   360 000

Troms og Finnmark

Øst-Finnmark kunnskapssenter

4 000 000

Troms og Finnmark

Namdal regionråd

1 170 000

Trøndelag

Prios Kompetanse AS

2 950 000

Trøndelag

INVIRO

   754 975

Vestland

Næringshagen på Voss AS

1 700 000

Vestland

Utdanningssenteret på Geilo

1 254 869

Viken

150 millionar til desentraliserte utdanningstilbod

Det kom mange søknader frå fagskular, høgskular og universitet for å opprette fleire ordningar for fleksible og desentraliserte utdanningar. God geografisk spreiing, og desentraliserte studietilbod med fysiske samlingar har vorte vektlagt i arbeidet med tildelingane. Totalt 43 søknader frå 17 institusjonar får pengar til nye utdanningstilbod, og det er UiT - Noregs arktiske universitet som får klart mest. 

– Vi vil at fagskular, høgskular og universitet skal ha fleire tilbod som er tilgjengelege over heile landet. Under Solbergregjeringa har vi sett at høgskular og universitet vart slått saman og sentraliserte. Det er ei utvikling vi skal snu. No har vi prioritert å gje pengar til utdanningstilbod der det er lokale, regionale eller nasjonale behov, slik som profesjonsutdanningar, teknologi, digitalisering og grønt skifte, seier Borten Moe.

Desse får pengar til å tilby desentraliserte og fleksible studietilbod:

Institusjon

Tildelt beløp kr

Fagområde

Fylke kor studiet skal tilbys

AOF Fagskolen

2 586 910

Digitalisering

Rogaland

Fagskolen i Hordaland

6 950 000

Teknologi

Vestland

Fagskolen i Vestfold og Telemark

4 598 800

Profesjonsutdanning

Vestfold og Telemark

Folkeuniversitetets Fagskole AS

3 396 700

Digitalisering

Nordland

Høgskolen i Innlandet

2 947 008

Profesjonsutdanning

Innlandet

Høgskulen i Volda

4 000 385

Profesjonsutdanning

Møre og Romsdal

Høgskulen på Vestlandet

6 482 322

Profesjonsutdanning

Vestland

Fagskolen Kristiania

8 142 500

Teknologi

Agder

NMBU

6 171 049

Grønt skifte

Innlandet

Nord universitet

6 351 512

Teknologi

Nordland

Norges handelshøyskole

17 458 000

Digitalisering

Møre og Romsdal

NTNU

7 870 486

Digitalisering

Innlandet

Studieforbundet AOF Norge

1 747 250

Profesjonsutdanning

Nordland

UiT - Norges arktiske universitet

34 707 559

Profesjonsutdanning

Troms og Finnmark

Universitetet i Oslo

 6 493 260

Profesjonsutdanning

Trøndelag

Universitetet i Sørøst-Norge

12 415 640

Grønt skifte

Trøndelag

VID vitenskapelige høgskole

17 690 327

Profesjonsutdanning

Nordland

 

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som forvaltar ordningane.

 

Fakta om ordningane

 

Den søknadsbaserte ordninga for studiesenter er ei ny ordning.

  • Studie-/utdanningssenter og liknande aktørar, einskildvis eller i samarbeid, kunne søkje på ordninga.
  • Tildeling av middel føreset medfinansiering frå andre aktørar, til dømes kommunar, fylkeskommunar eller næringsliv. Dette sikrar at fleire føler eigarskap til sentera.
  • Det måtte visast til samarbeid med fagskule, høgskule eller universitet.
  • Pengane som blir tildelte kan mellom anna gå til drift, mobiliserings- og rekrutteringsarbeid og tilrettelegging for studentar som følgjer eit studietilbod.

 

Program for fleksibel og desentralisert utdanning

  • Fagskular, høgskular og universitet kunne søke på programmet.
  • Søknader som har ei desentralisert organisering med samlingar vart prioriterte.
  • Fagområde der det er lokale, regionale eller nasjonale behov, slik som profesjonsutdanninger, teknologi, digitalisering og grønt skifte, vart vektlagt.