Regjeringa legg til rette for ei ny havnæring – havbotnmineralverksemd

Regjeringa foreslår å opne delar av norsk kontinentalsokkel for kommersiell havbotnmineralverksemd. Regjeringa legg samtidig fram ein strategi som viser korleis Noreg skal vere verdsleiande når det gjeld ei fakta- og kunnskapsbasert forvaltning av havbotnmineralressursane. Miljøomsyn skal varetakast i heile verdikjeda og utvinning vil berre tillatast om industrien kan vise at det kan skje på ein berekraftig og forsvarleg måte.

— Vi treng mineral for å lukkast med det grøne skiftet. I dag blir ressursane kontrollerte av få land, noko som gjer oss sårbare. Havbotnmineral kan bli ei kjelde til tilgang på viktige metall, og ingen andre land har betre grunnlag for å kunne gå føre og vise veg når det gjeld å forvalte slike ressursar på ein berekraftig og forsvarleg måte. Det å lukkast vil vere viktig mellom anna for verdas langsiktige energiomlegging, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Noreg har store, forventa mineralressursar på havbotnen. Dersom det viser seg at førekomstane er lønnsame og kan vinnast ut på ein berekraftig måte, vil havbotnmineralverksemd kunne bidra til verdiskaping og sysselsetjing i Noreg og bidra til å sikre forsyninga av viktige metall i den globale energiomlegginga. Utvinning av slike mineral kan då bli til ei ny og viktig havnæring for Noreg.

— For å få meir kunnskap må vi samle fleire gode krefter, og opne for kommersiell kartlegging og utvinning av havbotnmineral. Derfor foreslår vi no opning av eit område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd, seier Aasland.

Mineralutvinning på havbotnen kan ha eit stort framtidig verdiskapingspotensial og regjeringa vil leggje til rette for verdiskaping og framtidige, nye arbeidsplassar i havnæringane. Noreg har lang erfaring med næringsverksemd og berekraftig forvalting av havområda, og vi har sterke forskings- og teknologimiljø knytte til havet og ressursane i havet. Dette er eit godt utgangspunkt for å kunne utvikle lønnsam mineralverksemd på havbotnen.

Kunnskapsgrunnlaget viser at det er små miljøverknader av kartlegging, leiting og avslutning. Eventuell utvinning vil berre bli godkjend dersom rettshavarens utvinningsplan godtgjer at utvinninga kan skje på berekraftig og forsvarleg vis.

— Havbotnmineralverksemd er ei ny verksemd, både globalt og i Noreg. Vi har i dag avgrensa kunnskap om dei områda i djuphavet der ressursane finst. Eg har sterk tru på at om industrien påviser ressursar som dei meiner dei kan utvinne lønnsamt, så vil det vere mogleg å utvinne desse ressursane berekraftig og forsvarleg. Vi vil gå stegvis fram, halde fram med å byggje kunnskap og basere reguleringa på fakta og kunnskap. Miljøomsyn vil vege tungt gjennom heile verdikjeda, seier Aasland.

Bakgrunn om opningsprosessen

Før eit område kan opnast for mineralverk­semd må det gjennomførast ein opningsprosess.

Opningsprosessen blei sett i gang av Olje- og energidepartementet i 2020 og er samansett av to hovuddelar: Ein konsekvensutgreiingsprosess og ei ressursvurdering.

Gjennom konsekvensutgreiingsprosessen gjer ein greie for moglege verknader av ei eventuell framtidig havbotnmineralverksemd. Prosessen omfattar miljømessige, næringsmessige, økono­miske og sosiale verknader av slik verksemd og samanfattar eksisterande kunnskap. Som ein del av konsekvensutgreiinga er det utarbeidd fleire grunnlagsrapportar og verknadsstudiar som er saman­fatta i dokumentet Konsekvensutredning – under­søkelse og utvinning av havbunnsmineraler på norsk kontinentalsokkel, som ligg ved stor­tingsmeldinga. Konsekvensutgreiinga og forslag til avgjerd om opning av område på norsk kontinentalsokkel vart send på offentleg høyring. Høyringsfråsegna ligg på nettsidene til departementet. Departementets vurdering av høyringsfråsegna ligg som vedlegg til konsekvensutgreiinga.

Oljedirektoratet, som er departementets fagdi­rektorat for havbotnmineral, har som del av opningsprosessen utarbeidd ei ressursvurdering for utgreiings­området. Vurderinga viser betydelege forventa mineralressursar på norsk konti­nentalsokkel. Ein del av desse res­sursane kan vere utvinnbare. Det er så langt for lite kunnskap om utvinningsteknologi og utbyg­gingsløysingar til at det er funne formålstenleg å vurdere malmar og estimere utvinningsgrad. Rap­porten Ressursvurdering havbunnsmineraler ligg som vedlegg til  stortingsmeldinga.

For meir informasjon om ressursvurderinga og konsekvensutgreiinga blir det vist til denne sida:

Stortingsmeldinga er tilgjengeleg her: