Regjeringa opnar for at prisen ved bompassering for lette el-varebilar og tunge gasskøyretøy kan reduserast

Samferdselsdepartementet har gitt Statens vegvesen i oppdrag å innrette det tekniske systemet AutoPASS, slik at ein opnar for ei ordning med fritak eller reduserte takstar for lette el-varebil og tunge gasskøyretøy i bompengeprosjekt.

– Dette tiltaket samsvarar godt med regjeringa sitt løfte frå Hurdalsplattforma om å stimulere til utsleppsfri tungtransport, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I to ulike oppmodningsvedtak har Stortinget bedt regjeringa etablere ordningar med å kunne lempe på bompengetakstane for el-varebil og for biogasskøyretøy, altså at det skal lønne seg å velje fossilfritt også i tungtransporten.

Det vart allereie frå 1. september 2022 oppretta ein eigen takstklasse for alle gassdrivne køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy der det er løyve for totalvekt inntil 3 500 kg) i byområde der det er ein moglegheit for å kunne miljødifferensiere takstane.

Har sendt oppdragsbrev til Statens vegvesen

No ber Samferdselsdepartementet Statens vegvesen om at det tekniske bompengesystemet AutoPASS vert lagt til rette for at den tekniske løysinga som i dag handterer eit miljødifferensiert takstsystem også innførast som eit system for all offentleg bompengeinnkrevjing. I dag er dette berre innført i einskilde byområde.

Dette vil gi grunnlag for at det kan fastsetjast redusert bompengetakst for desse køyretøya, dersom lokale myndigheiter opnar for dette. I bompengeprosjekt som allereie er vedteke av Stortinget, vil også garantistane måtte gi tilslutning til takstendringar. Det er lagt opp til at den tekniske løysinga vil kunne vere på plass til midten av oktober 2023.

– Med dette har vi komme Stortinget i møte når det gjeld mogeleg bompengereduksjon for lette el-varebilar og tyngre gasskøyretøy – samt at vi òg innfrir ein lovnad frå Hurdalsplattforma, seier samferdselsministeren.