Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa satsar på kjerneforsking

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår å bruke 25 millionar kroner på forsking på kjernefysikk og kjernekjemi. Målet er å styrke den norske kunnskapsberedskapen på det nukleære området.

– Sjølv om Noreg ikkje har kjernekraftreaktorar for elektrisitetsproduksjon og heller ikkje planlegg for å ha det, har vi land i nærområdet som har kjernekraft. Derfor må vi sikre god kunnskapsberedskap og rekruttering på det nukleære området, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Forskingsrådet har gjennomført ein forstudie om status for norsk nukleær forsking. Studien viser at det er naudsynt med ei målretta satsing for å styrke forskingsmiljøet.

– Norske fagstyresmakter på atomfeltet vil ha stor behov for å rekruttere nytt personell i åra som kjem, og satsinga skal bidra til å styrke fagmiljøa som utdannar både kandidatar på master- og doktorgradsnivå, seier Borten Moe.

Satsinga skal bidra til å sikre at Noreg har sjølvstendig kunnskap på samfunnskritiske område som atomtrygging, strålevern, trygg lagring av atomavfall, radioaktiv forureining og andre fagfelt på det nukleære området, som til dømes radiofarmasi. Noregs forskingsråd vil lyse ut midlane.