Statsbudsjettet 2019:

Regjeringa styrkjer samarbeidet med kommunane om områdesatsingar

Regjeringa foreslår å løyve om lag 220 millionar kroner til områdesatsingar i 2019, for å styrkje arbeidet med å betre levekåra i særskild utsette område. Dette er ein auke på om lag 40 millionar kroner.

– I samarbeid med kommunane utviklar vi nye løysingar der etatane arbeider meir effektivt og samordna. Tidleg innsats for barn og unge, hjelp til å kome seg i arbeid og tryggare nærmiljø er nokre av måla, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Områdesatsing er eit verkemiddel for å betre tenester og nærmiljøkvaliteter i eit geografisk avgrensa område. Ei områdesatsing er eit samarbeid mellom stat og kommune som ser fleire verkemiddel i samanheng og utvikler nye effektive samarbeidsformer, arbeidsmetoder og tiltak som er betre tilpassa behovet i levekårsutsette områder.

Områdesatsingar i Oslo

Regjeringa foreslår å auke tildelinga til Oslo sør-satsinga til 30 millionar kroner. Dette er om lag ein dobling av dei statlege midlane som vart løyvde i 2018. I tillegg foreslår regjeringa, som i fjor, å bruke om lag 30 millionar kroner i Oslo sør over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Desse midlane går til å førebyggje kriminalitet, med særleg vekt på å følgje opp unge i risikosona og forhindre rekruttering til dei kriminelle miljøa.

Regjeringa foreslår å auke tildelinga til Groruddalssatsinga med om lag fem millionar kroner til om lag 44 millionar kroner.

Regjeringa vil i haust inngå ein intensjonsavtale om ei satsing på 8 nye år i Oslo indre aust, og foreslår å tildele nær 35 millionar kronar til dette i 2019.  Som i fjor forslår Justis- og beredskapsdepartement i tillegg 7 millionar kroner til førebyggjande arbeid mot kriminalitet i Oslo indre aust.

Regjeringa vil foreslå å bruke om lag 9 millionar kroner til arbeid med områdeløft i regi av Husbanken til områdesatsingane i Oslo.

Områdesatsingar Stavanger, Drammen, Bergen og Trondheim

Regjeringa foreslår å auke tildelinga til områdesatsinga på Fjell i Drammen med ein million kroner til om lag 11 millionar kroner i 2019.

Regjeringa foreslår å setje av om lag 3 millionar kroner i 2019 til å støtte opp om arbeidet med ei ny områdesatsing i Bergen.

Regjeringa foreslår å setje av 13 millionar kroner til områdesatsinga på Storhaug i Stavanger, slik det òg vart gjort i fjor.

Midlane til områdeløft, som går via Husbanken, foreslår regjeringa å vidareføre på same nivå som i dag, med om lag 8 millionar kroner til Bergen kommune og 3 millionar kroner til Trondheim kommune.

Utgreiing om levekår og integrering

Regjeringa vil setje i gang eit arbeid med ei ny offentleg utgreiing (NOU) om utfordringar i levekår og integrering i byområda. Utgreiinga skal auke kunnskapen om situasjonen og utfordingane, og gje grunnlag for framtidig politikk og offentleg debatt. Utvalet vil også bli bedt om å utarbeide forslag til nye tiltak for å møte utfordringane.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen