Regjeringa tildeler 1 000 nye studieplassar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa gir 48 millionar kroner ekstra til å opprette 1 000 nye studieplassar ved universiteta og høgskulane.

– Det er viktig at flyktningar frå Ukraina, som ønsker å ta høgare utdanning medan dei er her, får moglegheit til det. Samtidig ønsker vi ikkje at nålauget for å kome inn på studiar for norske søkarar blir mindre. Derfor aukar vi utdanningskapasiteten ved universiteta og høgskulane med 1 000 plassar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Det beste anslaget vi har er at Noreg vil ta imot 35 000 flyktningar i år, dei aller fleste frå Ukraina. Ein del av desse er i ein alder der dei vil ønske å starte eller halde fram på eit høgare utdanningsløp. Kor stor del det vil utgjere er for tidleg å seie.

– Det er stor vilje blant universiteta og høgskulane for å stille opp med studietilbod. No følger vi opp med pengar raskt slik at dei kan halde fram planlegginga. Samtidig jobbar vi med å avklare problemstillingar når det gjeld godkjenning av utdanning frå Ukraina og korleis vi kan gjennomføre opptaket til høgare utdanning for flyktningane, seier Borten Moe.

Pengane til studieplassar blir tildelt statlege og private universitet og høgskular. Midlane vil bli tildelte som fireårige plassar i kategori D, som gir institusjonane fleksibilitet til å tilpasse tilbod etter faktisk etterspurnad. Fordelinga av studieplassar vil skje så raskt som mogleg etter behandling i Stortinget.