Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa vil arbeide vidare med det samlokaliserte byggeprosjektet i Kautokeino

Regjeringa set av seks millionar kroner i 2020 for å arbeide vidare med samlokalisering av Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule, og det samiske nasjonalteateret Beaivváš i Kautokeino.

– Vi er glade for å kome vidare med prosjektet allereie no. Å samle vidaregåande opplæring og teater under eitt tak er noko vi kjem til å jobbe vidare med. Difor set vi av seks millionar for å starte opp med prosjektering. Skulen har eit unikt og viktig opplæringstilbod i samiske fag. Eit nybygg der ein samlar samisk opplæring- og kultur vil vere positivt for ungdom og vaksne i Kautokeino, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

–Både den vidaregåande skulen, og det samiske nasjonalteateret, er sterke pådrivarar for utvikling av samisk identitet og kultur. Dette vil vere ein viktig arena for å bruke, utvikle og styrke samisk språk og kultur. Beaivváš er ein unik og sentral samisk kulturinstitusjon, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

– Samlokaliseringa vil ha langvarige positive ringverknadar både for institusjonane sjølve, og lokalsamfunnet i Kautokeino, men òg for heile det samiske miljøet, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Regjeringa har lagt fram forslag om seks millionar kroner til prosjektering i 2020. I den vidare prosjektutviklinga skal ein sjå på ulike måtar ein kan forenkle på.. Samstundes  skal ein vurdere kostnadsreduksjonar samanlikna med løysingar ein har sett på så langt.

Til toppen