Statsbudsjett 2024

Regjeringa vil plante eit norsk flagg i Polhavet

– Den internasjonale merksemda om Arktis har auka. Noreg si forsking, kartlegging og aktivitet i det høge nord handlar om å ivareta norske interesser, og derfor vil regjeringa løyve 10,6 millionar kroner til polarforskinga til GoNorth, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

GoNorth er eit forskingsprogram som samlar dei fremste polarforskarane på tvers av norske universitet og kunnskapsinstitusjonar. Målet er å undersøke Polhavet og bringe Noreg i front når det gjeld polarforsking.

– Regjeringa er opptatt av at Noreg må ta ei leiarrolle i utforsking av Polhavet. Vi har ein lang og stolt tradisjon som havforskarar. No har GoNorth samla dei beste miljøa i Noreg og laga et landslag som ville gjort Fridtjof Nansen stolt, seier fiskeri- og havminister Skjæran.

Regjeringa har til nå tildelt til saman 30 millionar kroner over statsbudsjettet til GoNorth. Det er og gitt støtte til drift og utvikling av prosjektet med til saman 12 millionar kroner. I tillegg mottek GoNorth midlar frå deltakande institusjonar, samt tildelingar frå Forskingsrådet og private bidrag.

Kva er GoNorth?

GoNorth er eit konsortium som består av forskingsgrupper frå norske universitet og institusjonar. Formålet er å utforske Polhavet frå undergrunnen, havbotn, vannsøyla til og med havisen gjennom felles multidisiplinære forskingstokt. Programmet har som mål å bringe Noreg i front når det gjeld kunnskap om og for Polhavet. GoNorth består av UiB, UiO, UiT, NTNU, UNIS, Akvaplan-Niva, NGU, NORCE, NORSAR, Norsk Polarinstitutt, NUPI, Nansensenteret i Bergen og Sintef.

Det er sett i gang eit samarbeid med internasjonale polarforskingsmiljø, bl.a. det tyske Alfred Wegener-instituttet. GoNorth består av tre tokt. Første toktet vart gjennomført hausten 2022, det er gjennomført eit tokt i sommar, og det planleggast eit siste tokt i 2024. Prosjektet vil supplere dei pågåande havforskingsprogramma «Arven etter Nansen» og «MAREANO».