Rekordstor innsats mot speleproblem

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Speleproblem rammar ikkje berre den som speler, men det kan også ha store negative konsekvensar for familie og vennar. Det er eit samfunnsproblem som regjeringa tek på djupaste alvor. Derfor trappar vi opp arbeidet mot speleproblem gjennom ein rekordstor økonomisk innsats, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

I år blir det sett av heile 33 millionar kroner til tiltak i handlingsplanen mot speleproblem, det er 8 millionar meir enn i fjor. Pengane går mellom anna til frivillige organisasjonar som arbeider med problematisk speleåtferd, slik at desse kan drifte hjelpetilbod, drive førebygging og spreie informasjon.

– Ein gunstig sideeffekt i den norske einerettsmodellen er at vi kan bruke overskotet frå pengespel til gode føremål, inkludert tiltak som kan førebygge at fleire utviklar speleavhengigheit, seier Trettebergstuen.

Regjeringa lanserte i februar 2022 Handlingsplan mot speleproblem (2022-2025) med tre hovudmål; færrast mogleg skal ha problem med spel, kunnskap om spel og speleproblem skal aukast og delast og problemspelarar skal identifiserast tidleg og få god behandling.

– Gjennom handlingsplanen mot speleproblem støttar vi organisasjonar og forskingsmiljø som gjer eit uvurderleg arbeid i kampen mot speleavhengigheit. Når vi no aukar innsatsen får dei høve til å vidareføre og intensivere arbeidet sitt, fortset Trettebergstuen.

Den nye lova om pengespel som har verknad frå 1. januar 2023 seier at minst 0,5 prosent av Norsk Tippings overskot skal gå til tiltak mot speleproblem. Den detaljerte fordelinga av midlane blir klar hausten 2023.