Samferdselsministeren legg fram ny nasjonal luftfartsstrategi fredag 27. januar kl. 13
Pressemelding | Dato: 25.01.2023 | Samferdselsdepartementet
Nr: 7/23Fredag 27. januar legg samferdselsminister Jon-Ivar Nygård fram ein ny nasjonal strategi for norsk luftfart. Strategien vil bli presentert på eit møte med aktørane i bransjen. Møtet vil vere ope for media.
Samferdselsministeren legg fram ny nasjonal luftfartsstrategi

Sjå sendinga her
Stortingsmeldinga «Berekraftig og sikker luftfart – nasjonal luftfartsstrategi» tek for seg utfordringar og moglegheiter i for norsk luftfart i eit tiårsperspektiv. Strategien gir ein samla gjennomgang av regjeringa sin politikk på luftfartsområdet og inneheld mål, verkemiddel og tiltak for ein berekraftig luftfart når gjeld klima- og miljø, sosiale høve, geografi og økonomi. Dronene sin plass i dagens og framtidas luftfart, vil også vere ein del av strategien
Statsråden er tilgjengeleg for intervju i etterkant av presentasjonen.
Stad: Auditoriet R5, Akersgaten 59
Tid: 13.00
Strauming:
Arrangementet blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. Media som ønskjer å sende arrangementet direkte kan kontakte DSS for publiseringspunkt på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.
Pressekontakt:
Ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Kjell Brataas på e-post kbr@sd.dep.no, mobil 45 29 97 12 om du vil delta.
Har du spørsmål du vil statsråden skal svare på i plenum, send ein e-post til kbr@sd.dep.no.