Samisk namn på Røros og Trondheim

Røros kommune heiter no Rossen tjïelte på samisk, medan Trondheim kommune heiter Tråanten tjïelte.

Røros kommune søkte om godkjenning av Rossen tjïelte som samisk namn på kommunen 25. januar 2022, medan Trondheim kommune søkte om godkjenning av Tråanten tjïelte som samisk namn 12. mai 2022.

Namna er i samsvar Sametingets tilråding og vart vedteke i statsråd i dag.   


Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00