Semje om ny reindriftsavtale

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) og Staten er den 28. februar samde om ny reindriftsavtale for perioden 01.07.2017 - 30.06.2018.

 Eg er glad for at det er semje om ny reindriftsavtale. Avtalen prioriterer tiltak som skal gje auka omsetjing og slakting av reinkjøt. Den gjev grunnlag for ei positiv utvikling og auka inntening for den einskilde reineigar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Avtalen inneber økonomiske tiltak i reindriftsnæringa på i alt 118,6 millionar kroner.

Dette er ein auke på 4,1 millionar kroner i høve til inneverande reindriftsavtale. 

Hovudmålet med reindriftsavtalen for 2017/2018 er å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell marknadsorientert næring som er berekraftig over tid. 

I tråd med regjeringsplattforma er det lagt opp til ei prioritering av tiltak som støttar opp om økologisk berekraft. 

Ellinor Marita Jåma, leder Norske Reindriftsamers Landsforbund (t.v.) og statens forhandlingsleder, ekspedisjonssjef Anne Marie Glosli undertegner reindriftsavtale for 2017/2018.
Ellinor Marita Jåma, leder Norske Reindriftsamers Landsforbund (t.v.) og statens forhandlingsleder, ekspedisjonssjef Anne Marie Glosli undertegner reindriftsavtale for 2017/2018. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Potensiale for auka lønsemd

Reindrifta er i ein unik posisjon ved at potensialet for auka lønsemd er langt høgare enn i dag. Avtalepartane ser det som avgjerande at det blir lagt til rette for at reindrifta får utnytte potensialet for auka lønsemd. Over Reindriftsavtalen 2017/2018 stimulerast det til auka omsetjing og produksjon av reinkjøt. Avsetninga til Marknadsutvalget, Utviklingsprogrammet og ordninga med lærings- og omsorgsbaserte tenester i reindrifta er prioritert. I tillegg etablerast ei ny tilskotsordning med individmering av rein. 

Auke av distriktstilskottet

For å leggje til rette for at distrikta betre kan ivareta sitt medansvar for ei berekraftig utvikling av reindrifta og ha oppdaterte distriktsplaner og bruksregler, har avtalepartane òg prioritert ei auke av distriktstilskotet.