Slik blir trekket i rammetilskot i kraftkommunane

Dette innholdet er mer enn 1 år gammelt.

Stortinget har vedteke at kommunar og fylkeskommunar med inntekter frå konsesjonskraft i områder med svært høge straumprisar (prisområde NO1, NO2 og NO5) skal få eit eittårig trekk i rammetilskotet på til saman 3 milliardar kroner i 2023. No er fordelinga av trekket fastsett.

I forslaget til statsbudsjett varsla regjeringa at «de som kan forventes å ha store inntekter som følge av høye strømpriser i år og neste år utover det som må sies å være normal fortjeneste, må dele noe av de ekstraordinære inntektene med fellesskapet. Dette gjelder også flere kommuner og fylkeskommuner, både som eiere av kraftverk og som vertskommunar som er mottakere av konsesjonskraft.»

Stortinget har vedteke at trekket i rammetilskotet skal fordelast med 2,2 milliardar kroner frå kommunane og 0,8 milliardar kroner frå fylkeskommunane i 2023. Kommunal- og distriktsdepartementet har no fastsett fordeling av trekket. Dette tek utgangspunkt i innrapporterte tal frå kommunane.

− Dei høge kraftprisane vi no har sett over tid i sør-Noreg gjer at dei fleste vertskommunane som mottek konsesjonskraft her har mykje større inntektsvekst enn i eit normalår. Vi meiner det er rett og rettferdig at desse kommunane gir noko av desse meirinntektene tilbake til fellesskapet. Desse meirinntektene vert i statsbudsjettet mellom anna nytta til å kompensere husholdningar og næringsliv som betalar høge straumprisar og også utjamne sosiale og geografiske skilnadar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Departementet har teke omsyn til juridisk bindande avtaler og annan disponering av krafta som påverkar realisert verdi av krafta og som var vedteke før framlegget var kjent. Departementet har vidare teke utgangspunkt i innslagspunktet for høgprisbidraget frå kraftprodusentane på sal av kraft til en pris over 70 øre/kWh. I tråd med dette tek ein sikte på at det er ein andel av dei forventa inntekter over 70 øre/kWh som er utgangspunktet for trekket. Trekket er korrigert slik at ingen kommunar skal ha negative innbyggjartilskot for inntektsutjamning. Regjeringa følgjer med på utviklinga og vil ved behov komme tilbake til Stortinget  i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2023.

- Regjeringa har vore oppteken av at trekket skal stå i eit rimeleg forhold til dei faktiske inntektene. Nokre kommunar har til dømes bunde opp salsprisen i lange kontraktar og har inntekter som ligg langt under dagens marknadspris for kraft. For å få ei rimeleg fordeling av trekket, ga regjeringa kommunane høve til å rapportere inn juridisk bindande avtaler og annan disponering av konsesjonskrafta. Dette har regjeringa teke omsyn til, seier Gjelsvik.

Sjå oversikt over trekk for kvar einskild kommune og fylkeskommune:

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no