Spelemidla 2023: Fleire skal få moglegheit til å vere med i idretten

I dag går 3,4 milliardar kroner ut til idrett i heile landet frå overskotet til Norsk Tipping. Regjeringa har fordelt pengane med mål om at fleire skal kunne bli med i fellesskapa - uavhengig av kor god råd foreldra har.

– Alle barn og unge skal kunne delta i idretten, same kven dei er eller kvar dei bur. Mange har hatt nokre tøffe månader økonomisk, og derfor gjer vi no ein ekstrainnsats for barn og unge. Vi veit kor mykje det betyr å kunne delta i fritidsaktivitet saman med venane sine, det gir meistring, glede og tilhøyregheit, og det vil vi støtte opp om, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

125 millionar kroner ekstra er satt av til å få endå fleire med i idrettslaga. Pengane skal gå til dei områda og klubbane som har størst behov. Pengane er fordelt til idrettskretsane og idrettsråda som skal sørge for at pengane hamnar der dei trengs aller mest.

– Forskjellane i deltaking blant barn og unge er ei stor samfunnsutfordring som krev fleire grep. Gode anlegg og nok anlegg må til og det er godt å sjå at fleire no får innvilga planane sine om nye prosjekt - samtidig som etterslepet blir mindre, seier Trettebergstuen.

For 2023 er det satt av 1,7 milliardar til idrettsanlegg i kommunane. Det gjer at ein tredel av søknadsbeløpa blir innvilga, som er rekordhøgt.

– Satsinga vår på idrettsanlegg gjer at ventetida for første gong på om lag 20 år er nede i 2 år. Etterslepet er med Ap – Sp-regjeringa redusert med heile 1,1 milliardar, seier kultur- og likestillingsministeren.

Totalsummen som vert fordelt frå spelemidla til idretten i 2023 er på 3,435 milliardar, 142 millionar kroner meir enn året før.

Totalt går 6,6 milliardar frå overskotet til Norsk Tipping til  idrett, kultur og frivilligheit. 

Fordelinga av Norsk Tippings overskot i 2022 til idrettsformål i 2023

Post Tiltak – idrettsformål 2023 (kroner) Per post 2022(kroner)
1 Idrettsanlegg 1 770 565 000 1 770 565 000
1.1 Idrettsanlegg i kommunane 1 706 065 000  
1.3 Løypetiltak i fjellet og overnattingshytter 32 000 000  
1.4 Utstyr 32 500 000  
2 Nasjonalanlegg/spesielle anlegg 78 620 000 93 746 000
2.1 Nasjonalanlegg 16 041 000  
2.2 Spesielle anlegg 62 579 000  
3 Forsknings- og utviklingsarbeid 36 212 000 36 312 000
3.1 Idrettsforsking 23 000 000  
3.2 Idrettsfaglig utvikling 2 000 000  
3.3 Anleggsfaglig utvikling 2 000 000  
3.4 Digital utvikling 7 400 000  
3.5 Utviklingsarbeid i fylkeskommunene 1 812 000  
4 Spesielle aktiviteter 159 215 000 163 100 000
4.1 Antidopingarbeid mv. 57 165 000  
4.2 Fysisk aktivitet og inkludering i idrettslag 33 000 000  
4.3 Friluftstiltak for barn og ungdom 40 550 000  
4.4 Eigenorganisert fysisk aktivitet 13 500 000  
4.5 Arrangementstilskot 15 000 000  
5 Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité 810 000 000 775 000 000
6 Tilskot til lokale lag og foreiningar 446 500 000 428 000 000
7 Særskilte tilskot 133 684 000 26 000 000
7.1 Mangfolds- og inkluderingsordning mv.*) 8 684 000  
7.2 Ekstrainnsats for deltaking 125 000 000  
  Totalt 3 434 796 000 3 292 723 000
*) I tillegg brukes 17,8 mill. kroner av disponible midler, slik at det fordeles 26,5 mill. kroner fra post 7.1.