Spelemidla 2023: 6,6 milliardar ut til idrett, kultur og frivilligheit

Regjeringa har prioritert auka deltaking i idrett, kultur og frivilligheit i årets fordeling av spelemiddeloverskotet frå Norsk Tipping. Totalt er overskotet på 6,6 milliardar, det er 296 millionar kroner meir enn i 2022.

Rekordmykje til idretten

Det er rekordstore 3,435 milliardar kroner til fordeling til idrettsformål i år. Regjeringa har fordelt pengane med mål om at fleire skal kunne bli med i fellesskapa - uavhengig av kor god råd foreldra har.

– Alle barn og unge skal kunne delta i idretten, same kven dei er eller kvar dei bur. Mange har hatt nokre tøffe månader økonomisk, og derfor gjer vi no ein ekstrainnsats for barn og unge. Vi veit kor mykje det betyr å kunne delta i fritidsaktivitet saman med venane sine, det gir meistring, glede og tilhøyregheit, og det vil vi støtte opp om, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Nesten 1 milliard til kultur og frivilligheit

Det blir fordelt 966 millionar kroner til kulturformål i 2023. I fordelinga blir det ekstra pengar til leselyst, til korps, kor og orkester. Regjeringa styrker også fleire tilskotsordningar, til dømes ordningane for dei nasjonale musikkorganisasjonane, for desentraliserte kulturbygg, for amatørteater og for teknisk utstyr og lokale.

– I årets fordeling til kulturformål gir vi meir til barn og unge slik at fleire kan delta i aktivitet. Vi aukar tilskota til lokalar å drive aktiviteten i, og gir òg tilskot til tiltak for leselyst, meir i tilskot til korps og orkester og meir til det frivillige kulturlivet. Vi har vore opptekne av at spelemidla til kulturformål vil bidra til aktivitet for fleire, der folk bur, fortel kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

2,2 milliardar til andre formål

I tillegg til ein eigen pott til idrett og ein eigen pott til kultur, blir resten av overskotet frå Norsk Tipping fordelt slik:

  • 966 millionar kroner fordelast til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar (auke på 40 millionar frå 2022). Fordelinga blir kunngjort seinare.
  • 770 millionar kroner til frivillige organisasjonar frå grasrotandelen (auke på 33 millionar frå 2022)
  • 367 millionar kroner til helse- og rehabiliteringsformål (auke på 15 millionar fra 2022)
  • 45 millionar kroner i overskot frå bingo (auke på 9 millionar frå 2022)
  • 33 millionar kroner til tiltak mot speleavhengigheit (auke på 16 millionar frå 2022)