Staten ankar dom om felling av ulv innanfor ulvesona til Høgsterett

Borgarting lagmannsrett konkluderte i sommar med at vedtaket om felling av ulvane i Letjenna-flokken vinteren 2020 er ugyldig. Staten ved Klima- og miljødepartementet ankar dommen til Høgsterett.

Borgarting lagmannsrett konkluderte i sommar med at vedtaket om felling av ulvane i Letjenna-flokken vinteren 2020 er ugyldig. Staten ved Klima- og miljødepartementet ankar dommen til Høgsterett.

- Eg er ikkje samd i konklusjonen i lagmannsretten om at vedtaket er ugyldig. Saka reiser i tillegg prinsipielle og viktige spørsmål om forvaltning av ulv som det er viktig at får ei endeleg avklaring på. Eg meiner derfor at denne saka bør bli vurdert av den høgaste rettsinstansen vår, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

I 2019 vedtok Klima- og miljødepartementet felling av seks ulvar i Letjenna-flokken. Reviret låg innanfor ulvesona, i det som no er Innlandet fylke. Foreningen NOAH tok ut søksmål mot staten i etterkant av fellinga, med påstand om at vedtaket ikkje var gyldig. Usemja gjeld bruken av naturmangfaldslova § 18 første ledd bokstav c, som seier at det kan opnast for felling for å ta vare på offentlege interesser av vesentleg tyding. Oslo tingrett kom i 2021 til at vedtaket var ugyldig. Staten anka dommen til lagmannsretten, som i juli 2022 kom til at vedtaket er ugyldig.