Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet

Sted: Statsministerens kontor

Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2022.

 

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for fotografar å arbeide ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.30.

Etter møtet, om lag kl. 11.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan måndag 8. november kl. 12. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 11.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.