Stor auke i søkarar til fagskular

Det er stadig fleire som vil ta høgare yrkesfagleg utdanning. I år er det 2300 fleire søkarar til fagskulane gjennom Samordna opptak. Det er ein oppgang på rundt 17 prosent frå i fjor.

– Det er veldig bra at endå fleire får opp auga for fagskuleutdanningane. Dette er utdanningar som lèt seg kombinere med jobb og som er etterspurt i arbeidslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Fagskular tilbyr yrkesretta utdanningar over heile landet. Til saman har 15 742 personar søkt ei fagskuleutdanning gjennom Samordna opptak.

Det er flest førstevalssøkarar til utdanningsområde innanfor teknologiske fag og helsefag.

– Vi veit at meir kompetanse for dei som jobbar innan helse- og omsorg er viktig for å kunne gje gode helsetilbod framover. Difor er det veldig bra at fagskulane utviklar tilbod som det er aukande behov for i arbeidslivet, seier Hoel.

Lokførarutdanninga er den enkeltutdanninga med flest søkarar, og over 24 søkarar per studieplass. Hakk i hæl kjem den nye brann- og redningsfagskulen, med over 11 søkarar per plass.

Nett- og samlingsbaserte fagkuleutdanningar er populære. 61,2 prosent har ei slik utdanning som sitt førsteval.

Rekordmange studieplassar

Det har dei siste åra vore ein kraftig vekst i høgare yrkesfagleg utdanning. Dei siste fem åra har talet på studentar i fagskulane dobla seg, og aldri før har det vore tilbode fleire studieplassar.

– Vi satsar på fagskulane og har i år satt av 20 millionar kroner til 500 nye studieplassar. Vårt mål er at fagskulesektoren skal fortsette å vokse i tråd med behovet i arbeidslivet, seier Hoel.

Samla har denne regjeringa løyvd midlar til 1500 nye studieplassar. Regjeringa er også i gang med ei ny stortingsmelding om korleis fagskulane kan spela ei endå viktigare rolle i å møte kompetansebehovet i arbeidslivet framover.

  • Det er i år 15 742 søkarar til høgare yrkesfagleg utdanning gjennom Samordna opptak. Det er 17 prosent fleire søkarar i år enn i fjor, med ein oppgang på 2 300 søkjarar.
  • Det er lyst ut 14 287 studieplassar fordelte på 494 ulike studium ved 26 fagskular. I fjor var det 12 786 studieplassar. Det er ei auke på 11,7 prosent.
  • Det er i år 5 685 kvinnelege søkarar og 10 057 mannlege søkarar. Det utgjer 36,1 prosent (opp frå 34,3 prosent i fjor) del kvinner og 63,9 prosent (ned frå 65,7 prosent i fjor) del menn.
  • Det er flest førstevalssøkarar til utdanningsområda «teknologiske fag» (9 221) og «helsefag» (3 145).
  • Det er som tidlegare lokførarutdanninga som har flest søkarar med over 24 søkarar per studieplass, men og den nye brann- og redningsfagskulen har mange søkarar med over 11 søkarar per plass.
  • I underkant av 50 prosent av alle fagskulane er med i det Samordna opptaket. Det er dermed om lag halvparten av studieplassane til fagskulane som blir fylt gjennom Samordna opptak. Dei resterande plassane blir fylte via lokale opptak og er ikkje med i desse tala.