Statsbudsjettet 2018:

Store nye sjukehusinvesteringar

Til neste år legg regjeringa til rette for tre nye og totalt 15 større investeringsprosjekt rundt om i heile landet, som vert delfinansierte med lån frå staten. I 2018-budsjettet er det foreslått til saman 2,9 milliarder kroner i lån til sjukehusinvesteringar.

- Det vert nå investert stort i norske sjukehus. I 2018-budsjettet startar vi opp med fleire store prosjekt. Eg er glad for å bidra til gjennomføring av nye store investeringsløft. Dette vil komme både pasientar og tilsette til gode, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Investeringsnivået i norske sjukehus ligg på eit høgare nivå enn tidlegare og det pågår ei betydeleg oppgradering av sjukehusa i landet. Det blei i vår vedteke lån til realisering av nytt sjukehus i Drammen. I budsjettet for 2018 vert det foreslått lån til nytt klinikkbygg til Radiumhospitalet, utbygging og modernisering av sjukehuset i Haugesund og nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

I 2018 planlegg helseføretaka å investere for om lag 12 milliardar kroner i norske sjukehus. Dette gjeld både nybygg, oppgradering av bygg og innkjøp av medisinskteknisk utstyr og IKT.